Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 24. feb 2026

SakMøte tirsdag den 24. februar 2026 kl. 10
Innlegget
Eg er glad for at forslaget eg hadde æra av å få vere med på å fremje her for ei tid tilbake, no ser ut til å bli vedteke, med små justeringar, av eit nesten samla storting. Det er heilt absurd at det skal vere vanskelegare å kjøpe alkohol i distrikta, ikkje fordi eg er glad i ein liberal alkohollov – faktisk heller tvert imot, eg synest det er bra at vi har viktige restriksjonar på alkoholsal – men det kan ikkje vere slik at dei i distrikta er nokre svake menneske som treng ekstra beskyttelse mot alkohol. Det finst det ikkje noko fagleg grunnlag for å meine, og i den grad nokon har meint det, ville det vere ei meiningslaus nedvurdering av folk i distrikta.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat