Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 24. feb 2026

Torbjørn Vereide
Torbjørn Vereide
Arbeiderpartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte tirsdag den 24. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Det er få ting som er viktigare for oss enn at vi har eit helsetilbod som er trygt og godt. Som menneske er det ikkje det minste rart at ein er oppteken av det. Gjennom dette halvåret har det vore eit stort engasjement i lokalbefolkninga, blant ordførarane og blant fagfolk som har kjempa for helsetilbodet. La meg berre seie det heilt klart: Det er òg grunnen til at vi undervegs i dette halvåret har jobba for at det som blei presentert i haust, skulle bli betre enn det som låg til grunn. Det er grunnen til at vi har jobba for tilbod på lunge, hjarte og auge, og at poliklinisk arbeid òg blir jobba vidare med. Det som er utfordringa med det forslaget som skal vedtakast i dag, er at sjølv om ein skjermar noko, vedtek ein på same tid at sparekniven på 100 mill. kr i Sogn og Fjordane blir peika mot fødetilbodet, på akuttkirurgien der ambulansane endar, og på psykiatriske tilbod i Sogndal og i Nordfjord. Eg trur at om representanten Erling Sande som kommunalminister hadde føreslått at ein kommune i økonomisk krise ikkje hadde lov til å kutte noko som helst anna enn eldreomsorg, hadde ikkje folk blitt overraska om det kom kutt i eldreomsorga. Det forslaget som vi skal vedta i dag, har ikkje med seg ei einaste krone. Ein kan seie at det er null problem – berre kast barnet ut vindauget, og så håpar vi at det kjem eit sikkerheitsnett rett rundt hjørnet. Når situasjonen er så desperat som det han er, forstår eg alle og kvar ein som ønskjer å tru på dei politiske partia som lovar mest. Likevel: Sjølv om det er freistande å håpe at det stemmer, det dei seier, er det sjeldan sånn i praksis. Eg vil kjempe for kvar einaste krone vi kan få til helseberedskapen vår, og eg meiner sjølv at det blir for lite kompensert på dei områda som har færre pasientar, men veldig mange kilometer. Samtidig må vi prate sant. Eg erkjenner at dei 3,5 mrd. kr i auka midlar som Arbeidarpartiet la inn i statsbudsjettet, ikkje var nok. Då synest eg òg det er rart når andre prøver å framstille 500 mill. kr som eit nirvana. Dette er alvorleg for alle som er involverte. Det kan ein ikkje ta lett på, men å sende denne rekninga til barneklinikk, kreftavdeling, Vestlandslegen, akuttkirurgi og fødetilbod vil òg ha alvorlege konsekvensar, og eg håpar det er mogleg å ha forståing for at ein kan vere bekymra for det òg.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat