Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 24. feb 2026

Torbjørn Vereide
Torbjørn Vereide
Arbeiderpartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte tirsdag den 24. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Først ei nyansering: Det er klart at sjølv om eg ønskjer å vere ganske ærleg på at eg er utolmodig etter å styrkje sjukehusøkonomien ytterlegare, og sjølv om eg kan vere litt sjølvpiskande å seie at heller ikkje dei 3,5 mrd. kr som vi har auka med, var nok, vil eg likevel minne om at ein av dei store skilnadene i denne valkampen var at partia på venstresida – desperat, faktisk – prøvde å få nettopp sjukehus på valkampagendaen. Det gjeld både Arbeidarpartiet, MDG, SV, Senterpartiet og Raudt, mens ein del av dei borgarlege partia desperat prøvde å få det til å handle mindre om det og meir om formuesskatt. Eg berre seier det, for når pengane blir brukte opp på å dele ut masse i formuesskatt, er det klart at enn så masse ein i opposisjon kan skryte om at det hadde vore nirvana og himmel med ein sjølv på sjukehusfronten, så er det neimen ikkje sikkert. Så til det andre: Det er litt viktig å ha med seg – og det synest eg har vore ei grei presisering frå fleire her – at det er heilt grunnleggjande at vi alle, på tvers av partifargane, er i dette fordi vi har lyst at vi skal ha nettopp eit trygt og godt helsetilbod. I stormen, der vi står på forskjellige sider, er det viktig at vi på ein måte ikkje stemplar kvarandre med vonde og dumme meiningar, men at vi er ærlege om at òg motstandarane våre har gode intensjonar, Så ønskjer eg å belyse ei utfordring når pengane no anten skal aukast éin plass eller kuttast ein annan plass. Viss vedtakspunktet som vil tvinge Helse Førde – det er punkt fem eller seks – til å byggje seks nye ambulansestasjonar i Sogn og Fjordane, blir vedteke, er det eit tilleggskutt som blir lagt til sjukehusa på opp mot 75 mill. kr ekstra. Eg berre seier det, for det er der ambulansen endar opp. Anten ein blir send med akutt fødsel eller ein krasjar bilen sin i Kaupanger, i Lotetunnelen eller i Hyllestad, og ein treng akutt hjelp, er det der ambulansen ender opp. Det er der vi rekrutterer fleire legar. Sjølv om eg tenkjer det kan vere ei ærleg sak å tenkje at det er riktig å auke med ein pengebruk på 75 mill. kr på seks nye ambulansestasjonar, sjølv om ein må kutte i akuttkirurgi og alle mogleg andre ting – sjølv om det er ei ærleg sak – er det i alle fall viktig å vere klar over at det vil ha konsekvensar. Så før ein stemmer over det, oppfordrar eg til å tenkje nøye på kva som er baksida av medaljen.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat