Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det har vore eit enormt engasjement i denne saka. Det er bra. Eg vel å tolka det som eit engasjement for at folk er opptekne av norsk mat, folk er opptekne av at norske bønder og norsk landbruk ikkje skal gjerast til klimaverstingar. Men korleis hamna me her? Eg trur ein del av forklaringa ligg i at nokon i Q-meieria hadde den fikse ideen at dei skulle begynna å selja «Klimamelk». Tine følgde opp og skulle selja «Fremtidsmelk». Dette viste seg å ikkje vera nokon suksess, men grunnlaget for diskusjonen var lagt. Landbruksministeren følgde dessverre dette opp med å stilla krav om bruk av metanhemmarar for å få tilskot i fjorårets jordbruksavtale. Det skapte ein massiv motstand mot metanhemmarar. Eg vil takka Tine, som har gjort ei klok vurdering og vel å ikkje ta i bruk stoffet Bovaer. På prinsipielt grunnlag kan ein seia at Stortinget skal ikkje regulera enkeltstoff på fôrsetelen, og det er ikkje noko grunnlag for å tolka Senterpartiet si stemmegiving i dag som noko forbod eller avgrensing på forsking som landbruket eller andre måtte ønskja å gjennomføra. Men saka om Bovaer er så spesiell og så dårleg handtert at det kan utfordra heile tilliten til norsk mat, og då meiner Senterpartiet det er grunnlag for å gå litt på akkord med ting som ein prinsipielt meiner kan vera feil. Det gjer jo heile Stortinget, for me legg i dag ei veldig klar føring på vårens jordbruksoppgjer. Det bør me prinsipielt vera forsiktige med, men i denne saka har ein samla komité vurdert det som nødvendig. Eg trur òg at me skal heia på positive klimaverkemiddel i landbruket, men me må slå fast at utslepp frå matproduksjon er annleis enn andre utslepp, og det vil ikkje vere mogleg å koma ned i null. Det kjem òg eit forslag seinare i dag der Høgre og FrP faktisk røystar for å få meir metanhemmarar i norske butikkhyller. Dei fremjar eit forslag om å redusera importvernet. Det er ingen tvil om at me kan regulera kva som skal skje i Noreg, men den importerte maten har me ingen kontroll med. Eg trur det er viktig å vere konsekvent i landbrukspolitikken, og skal ein ha norsk, trygg mat i Noreg som me har kontroll med, kan ein faktisk ikkje i éi sak meina det veldig høgt, før ein i neste sak ikkje er så oppteken av den norske maten. Så eg gler meg til den debatten når den kjem.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
