Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 26. feb 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte torsdag den 26. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Eg takkar for den bekreftinga, for det er viktig. Eg trur veldig mange ønskjer å ha mat som ikkje er produsert ved hjelp av Bovaer, og at dei er klar over at viss ein vel norsk no, er ein trygg frå det. Då er det ein dårleg idé å leggja til rette for meir import. Sjølv om det har vore ei veldig gledeleg utvikling i sal av norsk mjølk og ikkje minst andre meieriprodukt, ser me òg at importen er stigande, og det gjev grunn til bekymring inn i det perspektivet. Er det aktuelt for statsråden å opna for meir import av meieriprodukt i Noreg, eller er statsråden einig med Senterpartiet, som meiner me skal ha eit strengare heller enn mildare tollvern enn i dag?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat