Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Noreg har sagt nei til EU-medlemskap to gonger. Det var ikkje tilfeldige nei. Det var tydelege nei frå eit folk som ville ta vare på folkestyret sitt, naturressursane sine og retten til å forma si eiga framtid. Likevel ser me no ei bølgje av EU-iver frå Venstre, Høgre og MDG. Dei brukar den urolege situasjonen i verda som eit argument for å starta ein ny medlemskapsprosess – som om meir makt til Brussel er svaret kvar gong verda vert meir utrygg. Senterpartiet meiner det er feil medisin. Ja, Europa står i ei krevjande tid, og tryggleik og samarbeid er viktigare enn på lenge, men det betyr ikkje at løysinga er å melda Noreg inn i ein union og gje frå seg styring over landbrukspolitikk, fiskeripolitikk, energipolitikk og viktige delar av utanrikspolitikken. Senterpartiet og eg meiner tvert imot at me i ei uroleg tid må halda fast ved det som gjer oss robuste: nasjonal kontroll over naturressursane våre, demokratisk styring gjennom Stortinget og eit levande folkestyre der makta ligg nær folk. Det vart òg peika på tollsaka om ferrolegeringar. Skal me bruka den saka som eit argument for å ofra suverenitet over landbruk, fisk og energi? Senterpartiet meiner det er feil. Ein kan jo nokre gonger føla på at EU-tilhengjarane leitar etter ei krise som er stor nok til å pressa fram ein EU-debatt – ein EU-debatt dei har ønskt seg lenge. Det er heller ikkje noko folkekrav om at Noreg skal verta medlem av EU. På meiningsmålingane er det eit stort fleirtal imot. Slik sett treffer desse partia folkestemninga dårleg. Me treng samarbeid med Europa. Me skal vera ein tett og påliteleg partnar, men samarbeid er ikkje det same som medlemskap, og Europa er ikkje det same som EU. Det er fullt mogleg å stå utanfor EU og samtidig vera ein sterk aktør i europeisk samarbeid. For Senterpartiet handlar dette om meir enn handel og institusjonelle løysingar. Det handlar om kven som skal ta avgjerslene som formar kvardagen til folk i Noreg. Skal dei takast her, av folkevalde som står til ansvar for norske veljarar, eller skal dei takast i Brussel? Senterpartiet er ikkje i tvil. I ei uroleg tid treng me meir nasjonal styring, ikkje mindre. Me treng å styrkja folkestyret, ikkje flytta makt lenger vekk frå folk. Difor seier Senterpartiet i dag klart nei til å starta ei utgreiing om norsk EU-medlemskap. Me står fast ved eit viktig grunnleggjande prinsipp for Senterpartiet: Noreg skal styrast frå Noreg.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
