Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 26. feb 2026

Harry Valderhaug
Harry Valderhaug
Kristelig Folkeparti·Møre og Romsdal

SakMøte torsdag den 26. februar 2026 kl. 10

Innlegget

58:17] (ordførar for saka): Innleiingsvis vil eg takke medlemene i komiteen for eit godt og grundig arbeid i denne saka. Det har vore eit stort engasjement, både i komiteen og ute i landet. Over 2 700 høyringsinnspel vitnar om at dette er ei sak som vedkjem mange, både bønder, forbrukarar og fagmiljø. Det handlar om tillit til maten vår, om rammevilkåra for landbruket og om korleis me skal nå klimamål. Komiteen har behandla representantforslaget om å stanse all bruk og vidare utprøving av metanhemmarar i norsk landbruk, under dette tilsetjingsstoffet Bovaer. Saka kjem opp i ein situasjon der landbruket er i gang med å følgje opp klimaavtalen med staten. Metanreduserande tiltak har vore omtalte som eitt av fleire moglege verkemiddel. Samtidig har hendingar i Danmark og funn under norske forhold skapt uro og reist spørsmål som det er viktig å ta på alvor. Komiteen merkar seg at meieriaktørar har valt å setje vidare utprøving på pause. Det viser at omsynet til forbrukartillit og mattryggleik veg tungt. Eit fleirtal i komiteen, inkludert KrF, understrekar at vurderingar av enkeltstoff og fôrråvarer må gjerast av ansvarlege fagmyndigheiter og av næringa sjølv. Det er desse som har kompetansen og det formelle ansvaret for å vurdere mattryggleik, dyrehelse og regelverk. Stortinget vedtek lovene og regjeringa forskriftene, mens det er forsking, fag og forvaltning som granskar og tillèt eller forbyr enkeltstoff som kan utgjere ein fare for folk, dyr og miljø. Samtidig meiner fleirtalet at det ikkje skal stillast krav om bruk av metanreduserande fôrråvarer som vilkår for husdyrtilskot i 2027. Usikkerheita som har oppstått, behovet for meir kunnskap og omsynet til tilliten folk har til norsk matproduksjon, tilseier at eit slikt krav ikkje bør innførast. Komiteen fremjar difor ei samla tilråding om at bruk av metanreduserande fôrråvarer ikkje skal vere eit vilkår for å få husdyrtilskot frå 2027. Komiteen vil også understreke at klimaarbeidet i landbruket må vere heilskapleg og forankra i god agronomi. Tiltak som betre grovfôrkvalitet, avl, gjødsling, beitebruk og drenering kan gje varige utsleppsreduksjonar og samtidig styrkje produksjon, dyrevelferd og beredskap. Med dette håper eg at Stortinget vil gje si støtte til tilrådinga frå næringskomiteen.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat