Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Dette er ei sak som har skapt stort engasjement. Det er forståeleg. Når ein stiller spørsmål om kva vi gjev til dyra våre, og dermed indirekte kva vi har på tallerken eller i glaset, handlar det om noko grunnleggjande – om tilliten til maten. La meg vere tydeleg: Kristeleg Folkeparti ønskjer at landbruket skal bidra til å redusere klimautslepp. Det er ein del av vårt forvaltaransvar, men tiltaka må vere fagleg forsvarlege, trygge og bidra til å styrkje, ikkje svekkje, eit landbruk over heile landet. Difor er rolleforståinga viktig. Stortinget skal setje mål og rammer. Vi skal ikkje overta ansvaret til fagmyndigheitene for å vurdere enkeltstoff i kraftfôr. Spørsmål om godkjenning, risiko og mattryggleik høyrer heime i Mattilsynet og relevante vitskaplege instansar, ikkje i denne salen. Samtidig kan vi ikkje lukke auga for den uroa som er oppstått. Hendingar i Danmark og erfaringar frå Noreg viser at kunnskapsgrunnlaget må vere solid, og at tillit ikkje kan takast for gjeven. Når næringa sjølv har valt å setje vidare utprøving på pause, er det eit uttrykk for ansvarlegheit og respons på vurderingane frå folk. Det er difor riktig at Stortinget no slår fast at bruk av metanreduserande fôrråvare ikkje skal vere eit vilkår for husdyrtilskot i 2027. Klimaarbeidet i landbruket må byggje på heilskapleg agronomi. God grovfôrkvalitet, målretta avl, riktig gjødsling, beitebruk og drenering gjev utsleppskutt som varer. Samtidig styrkjer det økonomien til bonden og mattryggleiken. Det er slike tiltak vi bør prioritere. For KrF handlar dette om balanse. Vi skal ta klimautfordringa på alvor, vi skal lytte til fagmiljøa, og vi skal verne om tilliten til forbrukarane. Norsk landbruk er avgjerande for beredskap, busetjing og verdiskaping i heile landet. Då må også klimaarbeidet vere kunnskapsbasert, ansvarleg og forankra i landbruksnæringa sjølv. Tilrådinga frå næringskomiteen gjev ei ryddig og ansvarleg avklaring. Det støttar KrF.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
