Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 26. feb 2026

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakMøte torsdag den 26. februar 2026 kl. 10

Innlegget

For bønder er garden meir enn ein arbeidsplass. Det er eit livsverk og ein arv til neste generasjon. Samtidig er bøndene ofte dei første som kjenner klimaendringane på kroppen og i lommeboka. Difor vil dei fleste bønder bidra til å redusera klimagassutsleppa. Då må me lytta til deira erfaringar og kunnskap når politikken blir utvikla. Jordbrukspolitikken og miljøpolitikken må spela på lag. Det betyr at me bør prioritera klimatiltak i landbruket som gjev varig klimaeffekt og samtidig styrkjer agronomien og sjølvforsyninga. Då kan me ikkje avgrensa oss til teknologiske løysingar, men me må òg driva jordbruket på ein meir klima- og naturvenleg måte. Det manglar ikkje på kjende og velprøvde løysingar som me kan ta i bruk, som god drenering, kalking, betre grovfôrkvalitet, balansert gjødsling, auka bruk av beite, la vera å dyrka opp myr og auka produksjon og forbruk av frukt og grønt saman med energiomstilling på gardane. Desse tiltaka bidrar til reduserte klimagassutslepp, auka karbonbinding i jorda. betre dyrevelferd og kan bidra til styrkt økonomi for bonden. Samtidig skapar det aktivitet i lokalsamfunn gjennom bruk av lokale entreprenørar. Per i dag har me berre avgrensa kunnskap om både den faktiske klimaeffekten og dei langsiktige konsekvensane av bruk av metanhemmaren Bovaer under norske forhold. Miljødirektoratet si vurdering er at potensialet for utsleppskutt er relativt beskjedent og lågare enn det som ligg til grunn i landbrukets klimaplan. Mykje tyder òg på at dei økonomiske og praktiske konsekvensane av bruk av Bovaer vil vera store for den enkelte bonden og for norsk landbruk som heilskap. Det finst i dag naturlege alternativ til kunstige metanhemmarar. Det er behov for auka og uavhengig kunnskap om både effekt, dyrevelferd og moglege alternativ. Samtidig bør det arbeidast for å sikra at eventuelle andre løysingar kan bli tekne i bruk på ein trygg, tillitskapande og fagleg forsvarleg måte. SV er glad for at ein samla komité no vil avlysa kravet om å bruka metanhemmarar for å få husdyrtilskot. I tillegg føreslår SV at bruk av Bovaer i Noreg blir stansa, samtidig som utforsking av naturlege metanreduserande fôrvarer held fram. Me prioriterer klimatiltak som gjev varig klimaeffekt og samtidig styrkjer agronomien og sjølvforsyninga i arbeidet med å nå klimamåla i landbruket. Me vil røysta subsidiært for forslag nr. 2 i innstillinga. Eg tek opp forslaga frå SV.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat