Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
SV går imot å svekkja importvernet for norsk jordbruk, slik Høgre og FrP legg opp til. Det er bra at fleirtalet slår ring om importvernet her i dag. SV vil ha auka norsk matproduksjon på lokale ressursar. Me vil auka sjølvforsyningsgraden, for han er kritisk låg allereie. Eit sterkt importvern er nødvendig for å få til det. SV vil heller styrkja importvernet og fekk gjennomslag for det i den førre stortingsperioden, gjennom å gå frå kronetoll til prosenttoll på potet og enkelte grønsaker – og me vil vidare. Me vil ha prosenttoll òg på fleire matvarer som me har gode føresetnader for å produsera her heime. Det gjev ikkje meining å importera endå meir av sånne matvarer viss målet er å kutta klimautslepp og tryggja norske arbeidsplassar og norsk sjølvforsyning. Eg minner om at norsk næringsmiddelindustri er vår største fastlandsindustri, målt i talet på arbeidsplassar, og han er tett knytt til at matråvarene blir produserte her. Utkonkurrering av norske matvarer vil difor ikkje berre ramma landbruket, men òg industrien som er bygd på skuldrene til landbruket. Påstandane om at auka import vil føra til lågare prisar for forbrukaren, stemmer heller ikkje. Prisane i butikken blir i dag dikterte av dei tre dominerande daglegvarekjedene, og dei tek dei prisane dei trur at fleirtalet av forbrukarane er villige til å betala. Variasjonane i butikkprisar mellom ulike land med identiske produksjonskostnader bekreftar dette. Det er altså ikkje ein tydeleg samanheng mellom den prisen bonden får, og prisen forbrukaren betaler. Skal me sikra lågare matprisar i butikk og meir rettferdige prisar for bonden, er det kjedemakta me må utfordra, og det er SV klar for.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
