Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
30:16] (ordførar for saka): Denne saka er fremja av Senterpartiet, og her har komiteen jobba konstruktivt og godt og klart å samla oss om ei innstilling der me føreslår å endra forskrift om maksprisar for drosjebilkøyring, slik at øvre grense for påslag for rullestol gjeld i samtlege kommunar i heile landet. Endringa skal evaluerast etter to år for å sikra at drosjetilbodet for rullestolbrukarar ikkje blir svekt. Bakgrunnen for denne endringa er at det i dag er 37 kommunar – i hovudsak større bykommunar – som ikkje er omfatta av forskrift om maksprisar for drosjekøyring. Desse unntaka er grunngjevne i ei forventing om at marknaden i sentrale område regulerer seg sjølv, men me ser at marknaden ikkje fungerer sånn for rullestoltilpassa drosjar, fordi tilbodet er avgrensa, og at konkurranse då ikkje pressar prisane ned. Unntaka fører difor til at rullestolbrukarar i desse kommunane betalar betydeleg meir for drosjeturar enn dei som blir omfatta av forskrifta. Komiteen er oppteken av at rullestolbrukarar over heile landet skal ha eit likeverdig og føreseieleg tilbod når dei bestiller drosje. For mange er ikkje drosjetenester eit val i ein marknad, men eit heilt nødvendig transportmiddel for å delta i arbeid, utdanning og kvardagsliv. Norges Handikapforbund skriv i sitt innspel at dei opplever urimelege ekstrakostnader i nokre kommunar, og at det er viktig med likebehandling over heile landet. SV deler vurderinga til Norges Handikapforbund av at dagens ordning er diskriminerande. Store geografiske prisforskjellar undergrev prinsippet om likeverdige tenester og er i strid med intensjonen bak maksimalprisforskrifta. I eit rettferdig og demokratisk samfunn har alle like moglegheiter og rettar til å leva eit fritt og sjølvstendig liv. Mobilitet er ein føresetnad for deltaking i samfunnet, og tilgang til transport er ein del av grunnleggjande velferd og ein føresetnad for reell likestilling. Ei nasjonal regulering av dette påslaget vil sikra likebehandling og betre føreseielegheit. Likestillings- og diskrimineringsregelverket slår òg fast at urimeleg høg pris for drosjetransport av personar som sit i rullestol, kan utgjera ulovleg forskjellsbehandling. SV meiner at eit nasjonalt påslagstak er forholdsmessig og eit nødvendig verkemiddel for å sikra likebehandling, rettferdige prisar og eit fungerande tilbod i heile landet. Eit nasjonalt regelverk vil gje rullestolbrukarar tryggleik for at dei ikkje blir straffa økonomisk grunna bustad, og samtidig styrkja tilliten til drosjenæringa.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
