Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 26. feb 2026

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakMøte torsdag den 26. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Nyleg kom Oxfam med sin årlege rapport. Der slår dei fast at forskjellane fortset å auka. Ulikskapen mellom rike og fattige aukar både i verda og i Noreg, og milliardærane er dessutan overrepresenterte i styrande organ. Framveksten av dei store teknologigigantane fører til ytterlegare konsentrasjon av makt. Demokratiet og den frie offentlegheita er under press, og avmakta i befolkninga aukar. Elitemakt og aukande avmakt blant folk flest kan ikkje, etter SV si meining, møtast med å auka avstanden mellom folk og avgjerder endå meir. SV går imot norsk medlemskap i EU. Den traktatfesta marknadsliberalismen til EU, som òg ligg til grunn for EØS-avtalen, er til hinder for demokratisk politisk styring og fordeling, så vel i Noreg som i Europa. Den geopolitiske situasjonen i Arktis er veldig spent, og som eit lite land i nord er me avhengige av ein internasjonal rettsorden. Når stormakter tek seg til rette og ikkje held seg til folkeretten og statars suverenitet, blir verda farlegare. Er svaret på dette ein norsk medlemskap i EU? Nei, tvert imot. SV har lenge åtvara mot å gjera Noreg avhengig av USA. Truslane frå Trump mot eit alliert land viser kor viktig dette er. Noreg bør heller søkje eit tettare samarbeid med land som deler våre sikkerheitsinteresser. Det handlar om lågspenning i nord, forsvar av suvereniteten vår og eit konsekvent forsvar av folkeretten. Det er med dei nordiske og nord-europeiske nabolanda me finn dette fellesskapet, ikkje i eit EU som spriker i alle retningar, og som blir stadig meir dominert av ytre høgre. Det er forsvar av norsk suverenitet og demokrati som ligg til grunn for behovet for tettare forsvarssamarbeid med våre naboland. Norsk medlemskap i EU vil føra oss i motsett retning og overføra makt frå vår folkevalde forsamling og over til Brussel. EU er heller ikkje noko forbilde viss me tenkjer tryggleik i breiare forstand. EU sin kjærleik til frihandel og marknadsliberalisme, kombinert med høge energiprisar, har ført til avindustrialisering. Det ikkje ein politikk Noreg bør kopiera viss me ønskjer å vera noko anna enn ein råvareleverandør. Noreg bør heller styrkja vår industrielle ryggrad, og då er ein aktiv industripolitikk og kontroll over krafta avgjerande. Dette sikrar me betre utanfor enn innanfor EU. SV stemmer difor imot alle forslaga i saka.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat