Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
SV sluttar seg i all hovudsak til det som er føreslått, men med nokre presiseringar, som eg skal gå gjennom. Det eine er § 2-18, som gjeld når offentlegheit skal tre inn for saksdokument til eller frå representantskapet. Det er fordi at å lovfeste ein bestemt praksis for offentleggjering ikkje er representativt for arbeidet til representantskapet, og kravet om einigheit mellom representantskapet og hovudstyret om meiroffentlegheit kan bety at hovudstyret vil kunne få innflytelse på tilsynsorganet. Det andre er at openheit er viktig for SV. Sjølv om det blir presisert i denne saka at kapittel 1 i sentralbanklova i all hovudsak er utforma med sikte på å regulere Noregs Banks rolle som sentralbank, og at føresegna §§ 1-2, 1-7, 1-9 og 1-10 ikkje skal gjelde forvaltinga av Statens pensjonsfond utland, er det viktig å få presisert at vi i SV ikkje forstår § 1-6 slik at Noregs Bank ikkje har noka plikt til å informere departementet om saker knytte til forvaltninga, og at det tvert imot vil kunne gjelde ei meir omfattande informasjonsplikt i desse sakene. Saman med Raudt og MDG vil vi difor understreke viktigheita av tydelege rammer for openheit og informasjonsdeling knytt til forvaltninga av Statens pensjonsfond utland. SV vil òg vise til at fleire fagforeiningar i høyringa til Finansdepartementet har teke til orde for ordinær tilsetterepresentasjon i hovudstyret i Noregs Bank. I dag deltek representantar for dei tilsette i styret berre i behandlinga av administrative saker, noko som historisk har vore grunna med hovudstyret si rolle og funksjon i styringa av pengepolitikken. Men etter sentralbanklova i 2019, då komiteen for pengepolitikk og finansiell stabilitet blei oppretta, meiner vi det kan stillast spørsmål ved om grunngjevinga framleis skal vere gjeldande. Ordninga avvik frå praksis i norsk arbeidsliv og i statleg eigde verksemder som òg behandlar samfunnsviktige spørsmål i styra sine. Vi meiner difor at tilsetterepresentasjon er eit prinsipielt spørsmål, at det bør bli vurdert nærare i lys av dagens oppgåver for styret i Noregs Bank, og at det bør bli gjennomført ei utgreiing om konsekvensane av å gje representantane for dei tilsette i hovudstyret i sentralbanken fullverdig status og deltaking. Så vil eg berre gjenta at det i regelverket for tilsynet med verksemda i Noregs Bank er viktig for offentlegheita å ha innsikt i styringa og kontrollen med Noregs Bank. Vi er einige med representantskapet, som i sitt høyringsinnspel påpeikar at det er ein styrke at sak og saksforhold er gjort greie for i offentleg tilgjengelege dokument. Til slutt: Eg vil elles vise til høyringsinnspelet frå representantskapet i Noregs Bank, som viser til at det ikkje er praksis at hovudstyremedlemene utover sentralbankleiinga og tilsetterepresentantane blir kalla inn til møter i representantskapet, og at medlemene viser til at sidan det ikkje er møteplikt, er det heller ikkje behov for å grunngje kvifor dei nemnde medlemene eventuelt ikkje møter.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
