Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 26. feb 2026

Stig Even Lillestøl
Stig Even Lillestøl
Fremskrittspartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte torsdag den 26. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Forskrifta om takstberekning og maksprisar for drosjetransport skal i utgangspunktet gjelde for heile landet, men det finst nokre unntak som har medført at enkelte har opplevd urimelege ekstrakostnader i nokre kommunar. På bakgrunn av dette har Norges Handikapforbund sendt innspel til Stortinget om at det er viktig med likebehandling over heile landet. Med systemet av i dag får vi dessverre uføreseielege vilkår i form av prissjokk, som vi har sett enkelte eksempel på. Det er viktig at grupper som er særleg avhengige av drosjetransport, har tilgang til eit godt og rimeleg drosjetilbod, men makspris er på same tid eit svært inngripande tiltak som kan ha negative verknader for både forbrukarar og dei som tilbyr den regulerte tenesta. Dersom prisane blir sette på feil nivå, kan det bli mindre attraktivt for drosjeselskap å investere i rullestoltilpassa drosjer, bl.a. fordi det vil ta lengre tid å få dekt inn investeringa for å tilpasse drosja. Med utgangspunkt i regelverket av i dag bør Stortinget sørgje for reell tilgang til transport utan å få skyhøge rekningar på den andre sida av ei kommunegrense, og for at ordningar som TT-kort ikkje blir hòla ut av høge påslag i delar av landet, eller at prising blir flytta over i andre takstledd. FrP støttar å endre forskrifta om maksprisar for drosjebilkøyring, samtidig som det må understrekast at ei forskriftsendring må følgjast tett opp med tiltak som sikrar at tilgjengelegheita av rullestoltilpassa drosjer ikkje blir dårlegare.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat