Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Forslagsstillarane tar opp at dei ønskjer økonomisk likebehandling av barnevernet i Oslo med resten av landet. Det er eit veldig beskjedent ønske, og det er veldig viktig. Det er lang tid sidan Oslo fekk det statlege ansvaret – først vel som ein pilot, og dei har hatt det sidan, fordi dei har ønskt det sjølve. Etter mi vurdering har dei gjort ein veldig bra jobb med andrelinjebarnevernet og barnevernet generelt, og har òg hatt særskilte utfordringar. Mi erfaring er at det i løpet av desse vel 20 åra har vore for lite samarbeid og dialog mellom det statlege barnevernet elles og Oslo kommune, slik at ein har utvikla sjølvstendige fagmiljø utan nødvendig læring på tvers. Ein kjøper òg institusjonsplassar i den same marknaden, utan at ein har hatt godt nok samarbeid, i alle fall. No kjem det òg opp at ein opplever at når kostnadane i barnevernet aukar, har ikkje Oslo fått tilsvarande auke. Eg registrerer at det er litt ulike vurderingar om økonomien her, og ein ser det på ulike måtar. For oss er det viktig at alle kommunar skal vera likebehandla når det gjeld økonomi og barnevern. Difor er det naturlig for oss å stemma for eit forslag om det. Vi stemmer ikkje for at det skal vera kompensert bakover i tid. Vi er ueinig i forslaget frå Arbeidarpartiet og MDG om at ein skal avventa Stene II-utvalet før ein vurderer finansiering, for det kan ta ein del år, og det er barn her og no som har behov for ei god finansiering av barnevernet òg i Oslo. Eg meiner at det Stene-utvalet har føreslått, om at staten bør overta, er det veldig mange gode argument for. Når Oslo òg ser på det sjølv, meiner eg det er veldig viktig no med ein god dialog med Oslo om korleis dette skal skje. Eg vil likevel åtvara mot å gjera det før ein har fått rydda opp i det statlege barnevernet og fått til den delinga av direktorat og etat som Stene-utvalet anbefaler. Det var ein ganske sterk kritikk som kom, med at det statlege barnevernet i dag ikkje har god nok kontroll på verken kompetanse, kostnad eller kvalitet. Eg vil åtvara mot å ta Oslo inn før ein har fått betre organisering, styring og leiing av det statlege barnevernet. Da meiner eg det er naturleg at Oslo vert med på eit nytt og betre barnevern for framtidas barn og unge. Med det tar eg opp det forslaget Senterpartiet har.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
