Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 3. mar 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte tirsdag den 3. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Det var representanten Benjamin Jakobsen som fekk meg til å ta ordet, då han meiner det er vi som sit i denne salen som må definera kva økonomisk likebehandling betyr. Det synest eg er litt spesielt, for det er faktisk eit ansvar som ligg til departementet og det styrande partiet å definera og finna ut av korleis økonomisk likebehandling kan skje – og ikkje minst å få til ei einigheit med Oslo kommune og Kommunaldepartementet. Ein viser til kva vi har i dei alternative budsjetta våre, og der er eg heilt ærleg på at vi ikkje har hatt det i budsjettet vårt. Det er fordi vi ikkje veit kva som skal til for å leggja inn ei reell likebehandling. Det forventar vi jo at departementet har i sitt forslag til budsjett. Skal vi fortsetja på denne måten i denne salen – at det skal vera pingpong mellom partia om kven som overbyr den andre når det gjeld barnevernsbudsjettet til Oslo kommune? Sånn har vi hatt det i mange år, og det kan ikkje fortsetja. Det er difor vi ber om ei opprydding i bekymringa for at barnevernet i Oslo ikkje får tilstrekkelege midlar. Ein må faktisk berre verta einige om kva økonomisk likebehandling betyr. Det er ikkje noko ein kan forventa at ein skal greia ut på Stortinget. Det kan av og til vera vanskeleg å styra landet, men det er òg eit enormt ansvar, og her har ein ei stor moglegheit til å rydda opp i ei sak til beste for barn og unge. Så vil eg berre melda om at Senterpartiet kjem til å stemma subsidiært for I.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat