Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Takk til forslagsstillarane, som fremja eit representantforslag med mange gode forslag om å utjamna og motverka sosiale forskjellar. Det har skjedd veldig mykje positivt når det gjeld å kunna motverka fattigdom blant barnefamiliar og sikra deltaking for alle, slik som kraftig reduksjon i barnehageprisane, gratis SFO, ei stor styrking av barnetrygda og ei forbetra foreldrepermisjonsordning, og det er positivt. I dette representantforslaget er det ein god del forslag som vi synest er gode, men som vi ikkje kan støtta på grunn av at det har store budsjettkonsekvensar, og det er vanskeleg å gå inn på det i eit Dokument 8-forslag, f.eks. forslaget om å auka sosialhjelpssatsane og løpande barnehageopptak. Vi kjem til å stemma for forslag nr. 3, om å lovfesta barns beste i sosialtenestelova, for det er noko som Senterpartiet meiner, og vi har stemt for det før. Det er prøvd alt mogleg. Framleis er det kritikk for at Nav og sosialtenestene ikkje tar omsyn til barns beste, slik som vi må forventa, og det vil ha store konsekvensar viss ein ikkje klarar å forbetra den praksisen. Vi kjem òg til å stemma for forslag nr. 7, eit forslag om felles utbetalingsdato for stønader frå Nav. Dette var òg omtalt i Rege-rapporten, om tiltak for å hindra fattigdom blant barnefamiliar. Så er det eit forslag frå fleire parti om å kraftig auka og skattleggja barnetrygda, og det er Senterpartiet imot. Vi vil kjempa for at barnetrygda framleis skal vera ei universell ordning, utan behovsprøving og utan skattlegging. Eg vil òg visa til at Rege-utvalet, som føreslo dette, gjorde ein feil då dei først sa at dette ville føra til ei halvering av barn som veks opp i fattigdom. Dei nye utrekningane frå SSB viste at det var ein reduksjon frå 11,7 til 10,8. så ein vil jo ikkje få eit veldig stort utslag her, opp mot den store omlegginga det vil vera å skattleggja barnetrygda for alle. Vi fryktar at det vil bli byråkratisk, og at det vil kunna føra til stigmatisering av og mindre oppslutning om barnetrygda. Barnetrygda er jo òg lite eigna til å fordela mellom barnefamiliar. Det er ei god ordning for å fordela mellom barnefamiliar og andre i samfunnet. Vi er kritiske til ei ordning der ein tar frå nokre barnefamiliar for å løfta opp dei andre, og ein risikerer at det kan ramma familiar med vanlege inntekter. Med det tar eg opp det forslaget som vi har fremja.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
