Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 3. mar 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte tirsdag den 3. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Målet med Nav-reforma var å få fleire i arbeid og aktivitet, og færre på stønad. Nav-reforma skulle gjera det enklare for brukarane. Nav-reforma har vorten kritisert for ikkje å ha oppnådd ønskt resultat, men å ha ført til færre i jobb og fleire på trygd. Reforma er kritisert for å vera altfor omfattande og kompleks og å gjera det vanskelegare for sårbare grupper, med urimelege dokumentasjonskrav og låg tilgjengelegheit. Den ekspertgruppa som evaluerte Nav i 2010, tilrådde nettopp det som vi tar opp igjen no: å strippa Nav for oppgåver og la dei fokusera på kjerneområda sine, arbeid og aktivitet. Nav har utvikla seg i ei retning der dei som arbeider i førstelinja, får mindre ansvar og makt, og det har gått ut over brukarane. I Helsetilsynets landsomfattande rapport i 2021 var det ein knalltydeleg dom over Navs kanalstrategi, altså det med at ein har korte eller ingen opningstider for dei utan avtale, og lang ventetid på telefonen. Helsetilsynet meinte at praksisen går ut over grunnleggjande behov som pengar til mat, straum og bustad. Riksrevisjonen har no kome med sterk kritikk av Navs manglande internkontroll av utbetalingar, og òg sterk kritikk av at Nav ikkje har lykkast med å få ned fråfallet frå arbeidslivet. Stadig fleire fell utanfor, og både sjukefråværet og den delen som får helserelaterte ytingar, aukar. Etter 20 år med Nav-reform og éin felles arbeids- og velferdsetat meiner vi at det er stort behov for å forenkle systemet og styrkja kjerneoppgåvene i Nav. Det er etter vår vurdering ikkje mogleg å få til utan større endringar i dagens Nav. Modellen av i dag, med éin felles etat, har vist seg å ha store problem med internkompleksitet, omstillingsevne og fleksibilitet, og leiarutfordringar knytte til å samla eit så stort spekter av ulike oppgåver i éin etat. Vi føreslår at Nav må delast i ein arbeids- og aktivitetsetat og ein pensjons- og trygdeetat. Vi ser at regjeringa i mandat til utvalet har sagt at dette skal evaluerast og greiast ut i eitt og et halvt år, og det synest vi er lenge. Vi ber òg om ei vurdering av partnarskapsmodellen og ei lovfesting av internkontrollen, og vi meiner at begge utvala som no er sette ned, burde ha hatt med både tilsette og brukarrepresentantar. Senterpartiet kjem til å støtta forslag nr. 8 i sak nr. 9, og vi fremjar våre eigne forslag nr. 1–6 i sak nr. 10 – men ikkje forslag nr. 7, fordi vi heller støttar nemnde forslag nr. 8. I sak nr. 9 støttar vi òg forslag nr. 2, 3 og 5, frå Høgre – og forslag nr. 4 subsidiært – og forslag nr. 10, frå MDG.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat