Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 3. mar 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte tirsdag den 3. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Når eg høyrer på statsråden i debatten, får eg inntrykk av at målet med denne ekspertgruppa er å få ei fagleg utgreiing og å ha ein brei offentleg debatt. Eg tenkjer at det hastar å få til ei endring og å gjera noko, slik at Nav faktisk fungerer betre for dei menneska som er heilt avhengige av å få hjelp, og at det hastar med å få eit Nav som klarer å møta menneska på ein måte som var intensjonen med heile reforma. Når ein no berre skal evaluera og vurdera og sånn, og når Arbeidarpartiet har styrt dette departementet i snart fem år, er det litt rart at ein ikkje har nokon eigne meiningar om kva som må til for å røska opp i dette systemet. Så spørsmålet er: Kva er målet? Ønskjer statsråden å få til ei endring av Nav i løpet av denne stortingsperioden?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat