Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg vil takka representantar frå både FrP og Høgre som ikkje har avvist vårt forslag. Det legg eg merke til. Det kan verta dette som ein kan gå for når det er blitt meir utgreidd, så det synest eg er positivt. Til representanten Andersen frå FrP vil eg seia at eg merkar meg at FrP vil ha ei Nav-reform, men ikkje ønskjer å seia noko no om korleis den skal vera. Det kan eg ha respekt for, men eg vil oppmoda FrP om å sjå på vårt forslag nr. 6. Der ber vi regjeringa om å justere mandatet i den ekspertgruppa som nyleg er sett ned, sånn at dei får eit klart mandat om å utgreia minst ein modell der dagens arbeids- og velferdsetat vert delt i ein pensjons- og trygdeetat og ein arbeids- og aktivitetsetat. Eg deler FrPs kritikk mot at mandatet er for diffust, og at det er veldig mykje ein kan utgreia og evaluera utan å ha veldig klare mål om kva som skal koma ut i neste ende. Når det gjeld tillitsreforma, har vi spesifikt vist til vedtaksmyndigheit når det gjeld AAP, men det skal sjølvsagt òg vera for andre ytingar. Vi problematiserer jo den organiseringa som er i dag, mellom ytingslinja og velferdslinja, altså at dei som sit og kjenner brukaren, i dag ikkje har makt eller myndigheit til å kunna gjera vedtak, men det er det andre, som er sentralisert, og som jobbar i ei avdeling lengre vekke, som gjer. Det er jo òg ein del av dette byråkratiet, og som gjer at ein ikkje får så gode og hurtige vedtak for brukarane. Så eg håper at nokon ser på dei nye forslaga, som er laga til etter at det vart kjent at regjeringa sette ned dette utvalet.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
