Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Takk for ein viktig debatt om barnevernet i Oslo. Alle barn i Noreg skal ha like trygge og gode tenester uansett kvar i landet dei bur. Oslo kommune har, som fleire har vore inne på, som einaste kommune i landet ansvaret for både første- og andrelinjebarnevernet. Det gir Oslo kommune ei moglegheit til å sjå heile tiltakskjeda i samanheng, men det inneber også eit omfattande ansvar som skil seg frå resten av landet. Oslo er kompensert for dette ansvaret gjennom rammetilskotet. Det blir prisjustert årleg, og sidan 2015 har det også vore demografijustert. Så kjenner representantane her godt prinsippa for statleg styring av kommunesektoren, og dei ligg fast – det er ikkje praksis for å rekne ut kompensasjon i etterkant for oppgåver som er overførte. Samtidig forstår eg veldig godt at Oslo står i ein krevjande situasjon. Den liknar òg på situasjonen i resten av landet, der kostnadene har auka og sakene har blitt meir komplekse. Ein kan i denne debatten nesten få inntrykk av at dette berre gjeld Oslo, det gjer det dessverre ikkje – fleire ungar har langt meir samansette behov. Difor synest eg òg det er positivt at ein i budsjettforliket blei einige om å auke tilskotet til andrelinja i Oslo med 50 mill. kr. Løyvingar til Oslo kan likevel ikkje bli vurderte heilt uavhengig av korleis barnevernet er organisert. Oslo kommunane bestemmer sjølv strategi og organisering innanfor rammene i lova, og tilskotet til Oslo og løyvingar til Bufetat er heller ikkje direkte samanliknbare, som ein kan få inntrykk av i debatten. Bufetat får ikkje midlar i basert på tal barn i Noreg, men basert på reelle behov, og det er færre barn i institusjon i Oslo enn andelen i resten av landet. I tillegg har Bufetat enkelte oppgåver som Oslo ikkje har. Ekspertutvalet som har vurdert organiseringa av det statlege barnevernet, har som kjent føreslege å avvikle særordninga for Oslo. Oslo kommune har gitt uttrykk for at dei ynskjer dette, og ei slik eventuell avvikling må greiast ut nærare, for me veit for lite om korleis det vil påverke barna i Oslo. Både utvalet, Oslo kommune og regjeringa er einige om at må me ha ein grundig prosess rundt dette. Me står difor i ein ny fase, der me må vurdere organisering og finansiering i samanheng og i tett samarbeid med Oslo kommune. Eg opplever at me har ein god og open dialog. Dette arbeidet vil eg fortsetje med eit mål for auga: at barna i Oslo får eit trygt barnevern som er føreseieleg og til det beste for dei, slik me ynskjer at barnevernet skal vere i heile landet.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
