Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 3. mar 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte tirsdag den 3. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Er det noko som er sikkert, er det at eg ikkje sit stille. Er det noko me har gjort sidan me kom i regjering, er det nemleg både å prioritere og å arbeide med akkurat det representanten er oppteken av: tidleg innsats. Når det gjeld Oslo, ser denne regjeringa Oslos behov. Difor har me òg løyvd pengar til å satse på noko me veit fungerer veldig, veldig godt. Me har løyvd pengar til meir bruk av multisystemisk terapi, MST. Me har løyvd meir pengar til skule- og beredskapsteam i Oslo, som me veit er viktig for å førebyggje barne- og ungdomskriminalitet. Ikkje minst har me òg prioritert, både i Oslo og i andre delar av landet, som eg òg er litt oppteken av, midlar til ein-til-ein-oppfølging av barn og unge. I tillegg har denne salen vedteke – og det er eg glad for – eit kvalitetsløft for barnevernet, for det treng me. Det skjer mykje godt barnevernsarbeid både i Oslo og i resten av landet, men me veit at mykje ikkje er godt nok, og me arbeider med det kvar einaste dag.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat