Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 3. mar 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte tirsdag den 3. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Eg meiner me må starte mykje tidlegare enn det representanten frå Framstegspartiet legg opp til. Når me snakkar om barn som har behov for institusjonsplass i barnevernet, trur eg me kan vere einige om at me kanskje kunne gjort endå meir for å forhindre at enkelte treng institusjonsplass. Difor er kvalitetsløftet i barnevernet viktig. Difor er det å arbeide meir med multisystemisk terapi rundt familiane viktig. Difor er det ikkje minst viktig at me no legg opp til å samle fleire av tilskotspostane i det førebyggjande arbeidet. Eg har veldig tru på førebyggingsprogrammet som me no arbeider med å etablere, slik at kommunar som Oslo òg kan søkje om tilskot til arbeidet sitt med tidleg innsats og førebygging. Så veit me at dette er samansette utfordringar. Eg er klar over at Oslo har nokre særskilde utfordringar. Difor har både arbeidet med MST, ein-til-ein-oppfølging av barn og unge og ikkje minst det at me i budsjettforliket òg fann rom til å prioritere noko meir pengar til Oslo-barnevernet, betydning for dei ungane me her snakkar om.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat