Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 3. mar 2026

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Tone Wilhelmsen Trøen, Haagen Poppe, Mahmoud Farahmand, Tage Pettersen, Mudassar Kapur og Mathilde Tybring-Gjedde om økonomisk likebehandling av barnevernet i Oslo (Innst. 134 S (2025–2026), jf. Dokument 8:2 S (2025–2026))
Innlegget
Eg misforstod verkeleg ikkje med vilje. Representanten må ha meg unnskyldt om det var noko eg ikkje oppfatta i spørsmålet. Tidleg innsats og førebygging er eit breitt arbeid i ein kommune. I Oslo har ein ansvaret for både førstelinjebarnevernet og andrelinjebarnevernet. Det me diskuterer her i dag, er bl.a. andrelinjebarnevernet og finansiering av institusjonsbarnevernet. Her er eg er oppteken av at me klarer å få til ei omlegging og eit kvalitetsløft, som regjeringa har fått vedteke i Stortinget. Det vil òg gjelde Oslo. Så er eg klar over at situasjonen i Oslo er meir krevjande enn enkelte andre plassar. Difor er eg glad for at Arbeidarpartiet blei einig med dei raud-grøne budsjettpartnarane om å auke tilskotet til Oslo med 50 mill. kr for inneverande år.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat