Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Noko av det fyrste eg gjorde etter at eg blei utnemnt som barne- og familieminister for litt over eit år sidan, var bl.a. å ha dialogmøte med Oslo kommune. Det har eg hatt fleire gonger, og eg opplever den dialogen som konstruktiv og god. Det blei sagt her tidlegare, i innlegget til saksordføraren, at denne saka ikkje handlar om budsjett. Med respekt å melde: Det gjer det. Dette handlar sjølvsagt òg om løyvingar på eit budsjett. Då eg overtok Barne- og familiedepartementet, var noko av det viktigaste eg sette i gang med, å få ned brota på bistandsplikta. Det var alvorleg at eit såpass stort antal brot på bistandsplikta skjedde i det statlege barnevernet. Så har me vurdert oppmodingsforslaget frå Stortinget, som Trøen refererer til, og vurderinga som blei presentert i budsjettet for inneverande år, var at me ikkje kom til å levere på det no. Blant anna viser me til rapporten me har fått frå Stene-utvalet, som me meiner er viktig å vurdere i den samanhengen.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
