Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg er einig med Trøen i at ungar som regel ikkje har tid til å vente på politikk, og difor er det bra at Arbeidarpartiet i regjering, saman med dei raud-grøne budsjettpartnarane, både har prioritert Oslo og tiltak særleg retta mot barne- og ungdomskriminalitet. Me har løyvd meir pengar til ein-til-ein-oppfølging av barn og unge, multisystemisk terapi, som me veit har veldig god effekt, særleg på dei sårbare ungane som står i fare for kriminell aktivitet. I tillegg har me varsla at me kjem til å følgje opp Storberget-utvalet raskare enn føresett, fordi me ser at det er behov for å sørgje for at verktøykassene til barnevernsinstitusjonane er likare enn i dag. Så eg er ueinig i verkelegheitsbeskrivinga til Høgre. Eg meiner Arbeidarpartiet, saman med dei raud-grøne partia, har vist at me prioriterer både barnevernet og førebygging av barne- og ungdomskriminalitet.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
