Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Regjeringa fylgjer opp oppmodingsvedtak fatta i Stortinget, og med fare for at eg kan hugse litt feil, er det òg ein forskjell på det som blei vedteke førre gongen, og det som er fremja som forslag no. Førre gongen meiner eg det handla om å endre finansieringsmodellen. Det å endre ein modell er ikkje det same som at Arbeidarpartiet saman med dei raud-grøne partia i budsjettforliket f.eks. valde å prioritere opp tilskotet. Eg registrerer òg at det er litt forvirring mellom partia i kva ein legg i likebehandling. Ein kan jo berre sjå til dei alternative statsbudsjetta i salen – det ser heller ikkje ut til at ein er einige om det. Eg har òg vore ærleg på at det har vore ei usemje mellom Oslo kommune og meg i kva ein legg i likebehandling. Eg kan oppfordre til å kikke i dei ulike alternative budsjetta, og det ser vel ut til at det er usemje òg i denne salen.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
