Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 3. mar 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte tirsdag den 3. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Eg har hatt veldig god dialog med representantens partifelle, Julianne Ferskaug, i Oslo kommune om både situasjonen for barnevernet i Oslo og ikkje minst forslaget frå Stene-utvalet om å overføre ansvaret til staten. Og nei, eg skal ikkje garantere nokon ting frå denne talarstolen no, for det må me greie ut nøyare. Det opplever eg òg at Oslo kommune er oppteken av – at her gjekk utvalet litt utanfor mandatet sitt, og kom med eit forslag som dei sjølve òg peikar på at ein må sjå grundig på, og det kjem eg naturleg nok til å ville gjere. Eg synest det er ein viktig rapport. Han peikar på store svakheiter, òg i det statlege barnevernet, som er alvorleg. Eg synest det er positivt at Oslo kommune har uttrykt interesse for ei slik endring, og den dialogen vil eg ha med Oslo kommune òg vidare.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat