Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 3. mar 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte tirsdag den 3. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Eg vil gjenta det eg sa i stad, at eg synest dette er ein viktig debatt. Eg er glad for engasjementet me alle har når det gjeld både barnevern og sårbare barn, både i Oslo og i heile landet. Det er nokre ting som blir gjentekne som i alle fall eg har behov for å oppklare. Eg sa det i det fyrste innlegget mitt: Løyvingane til Bufetat og til andrelinja i Oslo er ikkje direkte samanliknbare. Det blir nikka; det er vi einige om. Det er litt viktig. Det er ikkje harselas eller forsøk på å vere frekk når ein viser til dei alternative budsjetta til dei andre partia. Litt av kjernen i den ueinigheita som har lege mellom byrådet i Oslo og meg, har handla om akkurat det Jakobsen er inne på: korleis me skal definere likebehandling. Så lenge me har ulike måtar å løyve pengane på, blir det ikkje direkte samanliknbart. Eg vil understreke at Oslo er viktig for Arbeidarpartiet. Me er i hovudstaden i Noreg. Her er det levekårsutfordringar og òg utfordringar med barne- og ungdomskriminalitet som kan vere verre enn andre plassar i landet. Samtidig må me ikkje gje eit inntrykk av at det ikkje er utfordringar i barnevernstenesta i Bergen, i Trondheim, i Tromsø og i små og store kommunar. Difor er eg veldig, veldig glad for at Stortinget slutta seg til kvalitetsløftet for barnevernet. Eg er veldig glad for at dei fleste partia uttrykkjer ganske stor interesse for korleis me skal følgje opp Stene II-utvalet. Utvalet er ferdig med høyring no, og me er i gang med oppfølginga av det arbeidet. Eg vil seie det eg sa til byrådet i Oslo, frå Stortingets talarstol: Me kan ikkje gjere endringar som gjeld Oslo kommune, utan å gjere dei saman med Oslo kommune. Difor vil dette vere ein prosess som ein må gjere grundig, og difor vil det ta noko tid. Eg er glad for at Arbeidarpartiet og dei raud-grøne partia blei einige i forliket for inneverande år om å auke tilskotet til andrelinja i Oslo med 50 mill. kr. Det er bra. Så må me framleis kjempe saman kvart einaste år for å klare å styrkje barnevernet – både det kommunale barnevernet og det statlege barnevernet – slik at me får til det kvalitetsløftet denne tenesta treng.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat