Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 3. mar 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte tirsdag den 3. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Oppvekst i fattigdom aukar risikoen for dårlege oppvekstvilkår og for å falle utanfor både arbeidsliv og samfunnsliv som vaksen. Dei samfunnsmessige kostnadene for utanforskap er betydelege, og det er ei samfunnsutfordring at barn veks opp i fattigdom i Noreg. Arbeidarparti-regjeringa tek dette på alvor, og våren 2025 la me difor fram stortingsmeldinga «Tro på framtida – uansett bakgrunn». Den meldinga peikar retning for arbeidet med å redusere sosiale forskjellar og korleis barn og unge kan få like moglegheiter, uavhengig av familiebakgrunn, og den meldinga gler eg meg til å diskutere etterpå. Regjeringa har, saman med det parlamentariske grunnlaget vårt, prioritert ei rekkje tiltak for å redusere fattigdom blant barnefamiliar. Barnetrygda er auka betrakteleg og bidreg til å motverke låginntekt blant barnefamiliane. I dag er barnetrygda for dei eldste ungane nesten 11 500 kr høgare i året enn då Støre overtok som statsminister i 2021. Me har òg styrkt viktige tilbod for barn og unge gjennom kraftig å prioritere rimelegare barnehage og gratis deltidsplass i SFO. Maksprisen i barnehagen er redusert frå over 3 000 kr til 1 200 kr no. Ei anna rekning som eg trur barnefamiliar òg merkar har endra seg, er straumrekninga. Etter at regjeringa fekk på plass noregspris på straum, har me òg sikra føreseielege vilkår for det. Regjeringa har òg prioritert meir pengar til rimelege eller gratis fritidstilbod gjennom ordninga med tilskot til inkludering av barn og unge. Den ordninga er styrkt med over 231 mill. kr sidan 2022, og i tillegg har me styrkt områdesatsingane i levekårsutsette område. Å sørgje for at fleire kjem i arbeid, er òg heilt avgjerande for å redusere både låginntekt og fattigdom. I inneverande år har me løyva over 0,5 mrd. kr til ulike arbeidsretta tiltak. Arbeidarparti-regjeringa trur på universelle velferdsordningar. Oppvekstmeldinga som me skal diskutere etterpå, presenterer politikken regjeringa har for å motverke fattigdom i barnefamiliar. Me vil etablere eit kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge og har sett i gang eit målretta samfunnsoppdrag for inkludering av barn og unge. Saman med dei raud-grøne partia i Stortinget har me teke store grep for å utjamne forskjellar og betre familieøkonomien. Me skal fortsetja med det. Me er på ingen måte i mål, og eg er glad for at representantane i komiteen òg deler engasjementet. Eg er òg einig med Høgres Tone Wilhelmsen Trøen om at ein del av desse forslaga nok høyrer heime i ein budsjettdebatt.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat