Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 3. mar 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte tirsdag den 3. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Eg synest det er veldig gode intensjonar i alle forslaga i representantforslaget. Det er fleire statsrådar som kjem til å delta i den neste debatten, om stortingsmeldinga me no har lagt fram, der eg eigentleg opplever at me er opptekne av veldig mykje av det same. I denne debatten, som i den førre, er det litt slik at ein del av dei forslaga som er fremja, høyrer heime i ein budsjettdebatt fordi ein må finne rom til å prioritere dei ulike tiltaka. Eg er veldig glad for at me i denne regjeringa har prioritert både å styrkje barnetrygda og har fått til gratis deltidsplass i SFO. Eg vil òg nemne noregsprisen, for eg synest nesten me snakkar litt for lite om kor mykje straumrekninga betyr for folk. Eg meiner òg det er viktig å følgje opp fødselstalsutvalet, som Kristeleg Folkeparti nemnde i sitt innlegg i stad, der det har kome mange spennande forslag, bl.a. innanfor foreldrepermisjonsordninga.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat