Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 4. mar 2026

Anne Grethe Hauan
Anne Grethe Hauan
Fremskrittspartiet·Vestfold

SakMøte onsdag den 4. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Takk for svaret. Altfor mange unge slit med psykisk helse i dag. Samtidig ser me at stadig fleire unge òg slit med overvekt og fedme. For mange heng dette veldig tett saman. Når ein ung person ikkje trivst i eigen kropp, kan det gå rett på sjølvbildet, gje skam, føra til utanforskap og gjera dei psykiske plagene endå tyngre å bera. Samtidig veit me at psykiske utfordringar og til og med enkelte medisinar kan gje vektauke, så for mange blir dette ein vond sirkel dei ikkje klarar å bryta på eiga hand. Når me snakkar om fedme, må me òg tora å sjå heile bildet. Dette handlar ikkje berre om mat og trening, det handlar òg om korleis ein har det på innsida. Difor meiner eg det er viktig at me tek dette på alvor, spesielt knytt til unge, slik at dei kan få hjelp tidleg, før problema veks seg større og blir tyngre å handtera. Mitt spørsmål til statsråden er: Vil statsråden ta initiativ til tiltak som ser fedme og psykisk helse meir i samanheng, særleg hos unge, slik at fleire kan få hjelp tidleg, før problema får festa seg?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Anne Grethe Hauan (Fremskrittspartiet) — Replikk · 4. mar 2026 — OverStortinget