Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det er mogleg det blir litt gjentaking av spørsmål frå førre talar, men når tilgangen til fedmebehandling varierer så mykje mellom kommunar og regionar, betyr det i praksis at pasientane er låste til det tilbodet som tilfeldigvis finst der dei bur. Mange opplever lange ventetider eller manglande oppfølging, sjølv om dei har ein kronisk sjukdom som krev behandling over tid. Samstundes veit me at private behandlingsmiljø fleire stader i landet har både kompetanse og kapasitet. Dei står klare til å ta imot pasientar, men blir ikkje brukte nok. Det er ikkje pasienten sin feil at det offentlege ikkje strekk til. Då må me opna dørene som faktisk står opne. Det handlar ikkje om ideologi, men om å gje folk behandling der kapasiteten finst, slik at folk ikkje blir ståande i kø når dei kunne vore i gang med behandling allereie. Vil statsråden opna for meir bruk av private behandlingsmiljø og større pasientval, slik at folk med fedme kan få behandling der kapasiteten faktisk finst, ikkje vera låste til eit offentleg tilbod som ikkje strekk til?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
