Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
42:04] (ordførar for saka): I denne saka diskuterer vi om elevar ved skulane her i landet skal få tilbod om å delta på skulegudstenester. Komiteen er samla i synet på at skulegudstenester er eit viktig bidrag for å gje elevar innsikt i og kunnskap om ein viktig del av norsk kulturarv. Det er – og skal vere – frivillig å delta på skulegudstenester. Det er også sentralt å følgje opp med eit alternativt opplegg for dei elevane som ikkje ønskjer å delta, og både elevar og foreldre skal ha god informasjon om dette. Komiteen har ulike syn på om og i kva grad tilbodet om å delta i skulegudstenester er noko ein skal tilby alle elevar. Eg legg til grunn at dei ulike partia legg fram sine syn og framlegg og vil i det vidare gjere greie for Senterpartiet sitt syn. Kyrkja og kristendomen har spela ei formande rolle på lovverket og samfunnet vårt gjennom 1000 år. Verdigrunnlaget denne arven har med seg og påverknaden han har hatt på samfunnet og strukturane som er bygde rundt han, er viktig kunnskap for å forstå det norske samfunnet. Kyrkjene utgjer også ein stor del av dei historiske bygga vi har i landet vårt. Dei kristne og humanistiske grunnverdiane er framleis sentrale i samfunnet vårt. Sjølv om ein mindre del av befolkninga er medlemer i Den norske kyrkja og færre deltek på gudstenester, dannar kyrkja likevel rammer for svært mange i landet vårt gjennom ritual som dåp, konfirmasjon og bryllaup, eller når vi tek avskjed med våre kjære. Kyrkja har òg ein sentral plass ved ulukker og kriser og er ein del av beredskapen vår. Tru er framleis omfattande i samfunnet vårt sjølv om trusretningane er meir mangfaldige og femnar fleire religionar og livssyn. Kunnskap om tru og trusutøving er difor også viktig kunnskap å ha om samfunnet vi lever i. Skulegudstenestene er ein god arena for å lære om Den norske kyrkja, både gjennom historia og rolla ho spelar i dagens samfunn. Senterpartiet ønskjer difor at elevar skal få tilbod om det der den lokale kyrkjelyden legg til rette for det. Når vi ønskjer ei tydelegare presisering av det i opplæringslova, er det for å sikre at det ikkje skal vere tvil om at dette både er akseptabelt innanfor rammene av lova, og ønskjeleg, og for å stimulere til at skulane gjev eit slikt tilbod. Ein del er usamde i dette forslaget. Nokre er det fordi dei meiner det gjev Den norske kyrkja ein for sentral plass i opplæringa, andre fordi dei meiner det gjev presedens for andre trussamfunn til å få ein urettvis stor plass i skulen. Vi i Senterpartiet støttar forslaget. Målet er klart: å sikre at den svært lange tradisjonen med å gje elevar kunnskap gjennom deltaking i skulegudstenester kan halde fram. Med det tilrår eg innstillinga.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
