Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg har lyst til å takke for ein god debatt. Det er ein debatt der innlegga har hatt veldig forskjellige inngangar til denne problemstillinga vi diskuterer. Grunnen til at vi har denne debatten i dag, er eksempla – det var nemnd ein heil kommune, Hamar, og det er enkeltskuleleiarar som framleis oppriktig lurer på om dette er innafor, eller som på prinsipielt grunnlag seier at det ikkje er innafor. Det er grunnen til at vi har denne debatten, og eit fleirtal ønskjer å presisere at sjølvsagt er dette innafor lova. Det er til og med ønskjeleg. For, som komiteen peikar på, det å oppleve ei skulegudsteneste gjev den viktige kunnskapen som ein samla komité ser verdien av. Det er bakgrunnen for kvifor vi er her. Der har ikkje mindretalet noko tydeleg svar på kva ein skal gjere i ein situasjon der ein får fleire typar av prinsippvedtak, eller ein ser fleire skular som kuttar ut skulegudsteneste. Det er fleirtalet som ønskjer at denne tradisjonen fortset og difor ønskjer ei presisering. Eg synest statsråden går ganske langt når ho seier, at dette vil ta frå skulen moglegheit til å forme opplegget til elevane, at ein blir tvinga til å gjennomføre eit opplegg i regi av andre. Ja, ein begynner å lure på om vi har lese det same forslaget. Det er ikkje det forslaget går ut på – i alle fall er det ikkje slik eg har opplevd nokon av forslagsstillaranes intensjon. Forslaget tek derimot opp i seg at ikkje alle lokale meinigheiter vil ha kapasitet eller moglegheit til å arrangere skulegudsteneste. Det er heller ikkje noko ønske om å påtvinge skulane eksempelvis å reise langt av garde for å rekkje fram til ei kyrkje som arrangerer dette. Dette er ein veldig godt etablert tradisjon i Noreg, og det skjer i eit samarbeid mellom skulen og kyrkja. Det er sjølvsagt opplegg som også er godkjent av den lokale skuleleiinga. Slik har det vore, slik er det og slik vil det sjølvsagt vere også i framtida.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
