Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Nokre gonger handsamar vi saker som gjeld svært mange eller kanskje alle elevar i den norske skulen. Andre gonger gjeld det få elevar, men det kan vere utruleg viktig for dei elevane det gjeld. Denne saka tilhøyrer den siste kategorien. IB-tilbodet er nemleg eit tilbod som for dei aller fleste elevar i dette landet, er lite aktuelt. Samtidig er det slik at for ei lita gruppe elevar – det var f.eks. nemnt barn og foreldre som lever i dette landet i kortare tidsperiodar, og som er ein del av ein internasjonal arbeidsmarknad i den forstand at dei har internasjonalt prega jobbar og flyttar mykje – er dette eit både ønskjeleg og svært aktuelt tilbod. Nokre få kommunar ønskjer å tilretteleggje for IB innanfor den offentlege skulen. Oslo er eit eksempel på det. Med den beskrivinga av elevmassen som representanten Holmås Eidsvoll viste til, kan det vere ein verdi både for dei elevane som får ta denne utdanninga innanfor ramma av fellesskapsskulen, og for dei andre elevane i området, som då får møte denne gruppa elevar. Vi meiner vi bør ha rom for dette innanfor den offentlege skulen. Vi må ha tiltru til lokalpolitikarane, som eg registrerte det blei vist til i førre sak. Kommunane og dei lokale har også i dette spørsmålet god forstand til å avgjere om eit slikt tilbod er aktuelt i deira kommune. Difor kan ein i dei få kommunane det vil gjelde, ha eit slikt tilbod innanfor det kommunale.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
