Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. mar 2026

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte torsdag den 5. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Eit godt barnehagetilbod er ein viktig del av gode og levande lokalsamfunn. Det at ungar i heile landet har eit godt tilbod til ein overkomeleg pris, er med på å sikre ein god, trygg og meiningsfull kvardag for ungane, der dei kan ha fellesskap med andre ungar og utvikle dei sosiale ferdigheitene sine gjennom leik og læring. Senterpartiet har alltid stått på at barnehagen skal vere ein stad der alle barn får like moglegheiter, uavhengig av kvar dei bur, kven dei er, eller kva bakgrunn dei kjem frå. I tillegg er eit godt barnehagetilbod viktig for yrkesdeltaking og bidreg til å utjamne sosiale og geografiske skilnader. Kunnskapsministeren peika i si utgreiing på ei rekkje styrkar ved den norske barnehagen og den viktige rolla han spelar, som er lett å stille seg bak. Då Senterpartiet var i regjering, var vi med på å gjere barnehagepolitikken til eit hovudsatsingsområde: betydelege kutt i foreldrebetalinga nasjonalt endå lågare pris i distriktskommunar gratis barnehage i Nord-Troms og Finnmark gratis barnehage for tredje barn betre ordningar for låginntektsfamiliar Dette var store og viktige økonomiske løft som gjorde kvardagen mykje billegare for småbarnsforeldre. Ei auka satsing på bemanning i barnehagane har vore sentralt. Vi veit at det har vore og er ei stor utfordring å sikre nok personell i barnehagane våre. Senterpartiet har både frå regjeringsposisjon og gjennom arbeidet her på Stortinget vore med på viktige løft for å bidra til å rette på den situasjonen, seinast i samarbeidet om statsbudsjettet for 2026. Ein barnehage med god kvalitet er avhengig av at vi får fleire til å velje barnehageyrket og ta utdanning for å arbeide i barnehage. Då handlar det òg om korleis vi tek vare på dei som allereie arbeider i yrket. Det handlar om arbeidsvilkår. Senterpartiet ønskjer ein sektor der private og kommunale barnehagar blir behandla likeverdig. Også dei private barnehagane er ei uunnverleg brikke i tilbodet, og vi hadde ikkje nådd den barnehagedekninga vi har i dag, utan dei private barnehagane. Så har vi ein særskilt situasjon knytt til barnehageforliket som eg må nytte mesteparten av tida mi på å kommentere. Det har med det faktum å gjere at regjeringa ikkje følgjer opp barnehageforliket, der både Senterpartiet og Arbeidarpartiet er med. Fleirtalet på Stortinget vedtok våren 2025 at private barnehagar skal få kompensert dei dokumenterte pensjonskostnadene sine gjennom ei føreseieleg og tydeleg ordning. Det var eit breitt og historisk forlik, inngått for å skape stabilitet i ein sektor der det har vore mykje uro. Kva skjedde så etterpå? Regjeringa la fram ei forskrift som gjorde at ein stor del av dei private barnehagane framleis ikkje får dekt dei reelle kostnadene dei har, og mange blir ståande i underskot år etter år. Dette er ikkje ein bagatell, og det er heller ikkje småpengar for dei barnehagane det gjeld, og for mange private barnehagar kan dette vere forskjellen mellom drift og nedlegging. Fleirtalet her i denne salen vedtok i oktober 2025 – igjen med Senterpartiet som pådrivar – at forliket skulle følgjast opp. Likevel er ikkje modellen endra slik at barnehagane kan søkje om å få dekt reelle pensjonskostnader. Faktum er dette: Private barnehagar blir ikkje behandla likeverdig i dag. Ein stor andel av private barnehagar går med underskot. Det betyr at tilsette – menneske som gjer ein heilt avgjerande jobb for dei minste blant oss – risikerer å få svekte pensjonsvilkår eller stå i ein arbeidsplass som kan forsvinne. For Senterpartiet er dette heilt uakseptabelt. Vi inngjekk ikkje barnehageforliket for syns skuld. Vi inngjekk det for å sikre føreseielege og berekraftige rammevilkår, også for dei private barnehagane. Difor ser vi oss i dag på nytt nøydde til å fremje framlegg som gjentek at regjeringa må følgje opp det forliket som dei sjølve var ein del av. Dei må rydde uvissa av banen og presentere ei ordning som sikrar at private barnehagar kan få dekt sine reelle pensjonskostnader. Sektoren treng stabile og føreseielege rammer. Det får ein ikkje gjennom endringar som kjem seint, er dårleg grunngjevne eller ikkje følgjer opp vedtaka frå denne salen. Eg forventar at regjeringa følgjer opp. La meg avslutte med dette: Barnehagen er ikkje ein budsjettpost. Han er eit samfunnsprosjekt. Ungane våre skal møte trygge vaksne, og dei skal møte god kvalitet og barnehagar som har økonomi til å gjere jobben sin – uavhengig av eigarskap.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat