Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. mar 2026

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakMøte torsdag den 5. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Saka om Svingen stasjon viser korleis endringar i stoppmønster og rutetilbod får direkte konsekvensar for lokalsamfunn som er avhengig av stabilitet og føreseielegheit i togtilbodet. Når Bane NOR reduserer antal avgangar på mindre stasjonar for å betre punktlegheita på hovudstrekninga, rammar det særleg dei pendlarane som har færrast alternativ. Det dei som brukar Svingen stasjon opplever no, har klare likskapstrekk med det som skjedde tidlegare på Steinberg stasjon. For ein månad sidan sa Stortinget tydeleg frå om at det er uakseptabelt at ein skal byggje ned tilbodet i punktlegheitas namn. Senterpartiet støttar difor Miljøpartiet Dei Grønes lause forslag om å revurdere Bane NORs indikatorar som gjer at kutt i rutetilbod gjev betre resultatoppnåing. I debatten om Steinberg var statsråden tydeleg på at det er Bane NOR som skal styre rutetilbodet og prioriteringane av kapasiteten i jernbanesektoren, akkurat som vi har høyrt frå Arbeidarpartiet og Høgre her. Dei siste dagane viser at det definitivt er sant. Det er lov til å håpe på at statsråden innser at det trengst meir politisk styring av denne sektoren, og at ein er villig til å ta tak i den udemokratiske ukulturen som openbert gjennomsyrar Bane NOR. Senterpartiet meiner det er heilt rett og ei heilt legitim politisk prioritering å instruere Bane NOR til å gjenopprette rutetilbodet ved Svingen stasjon til nivået før endringane i desember 2025. Dei siste daganes plunder og heft frå Bane NOR viser at politisk styring er nødvendig for å sikre eit minimum av føreseielegheit for dei reisande og for å oppretthalde eit tilbod som gjer det mogleg for innbyggjarane langs Kongsvingerbanen å bruke toget i kvardagen. Avslutningsvis vil eg understreke at det for Senterpartiet er uakseptabelt at eit godt togtilbod skal byggjast ved å redusere antal avgangar for dei som bur utanfor dei største knutepunkta. For å nå måla i både nasjonal og regional transportpolitikk må tilboda vera tilgjengelege òg for dei på dei mindre stasjonane. Senterpartiet støttar forslag nr. 2, frå Miljøpartiet Dei Grøne.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Geir Inge Lien (Senterpartiet) — Innlegg · 5. mar 2026 — OverStortinget