Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Forsinkingar, overskridingar og dårleg dialog er vorte ein vanleg ting innanfor etatane under tog og bane. Senterpartiet og Arbeidarpartiet har vore opptatte av å sjå på organiseringa av tog- og banestrukturen. Eg stilte vel statsråden så vidt eit spørsmål om det sist gong òg, men eg følgjer opp spørsmålet til Helleland, på ein annan måte: Når vi ser på hendingane dei siste dagane, der ministeren ikkje har vorte informert, er det eigentleg ei optimal organisering i banesektoren når det gjeld Jernbanedirektoratet, Bane NOR og Norske tog? Det blir mange hattar, mange kokkar og mykje søl. Vil statsråden gjere noko med det som f.eks. stod i Hurdalsplattforma, som vi var einige om – å sjå på organiseringa og gjere det meir straumlinjeforma, slik at det er betre å ha kontroll for statsråden?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
