Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Luftfarta er heilt avhengig av stabile og føreseielege navigasjonssystem. Dei siste åra har jamming og spoofing av GNSS-signal utvikla seg til eit alvorleg problem, særleg i Nord-Noreg. Dette har både sikkerheitsmessige og beredskapsmessige konsekvensar, og i nokre tilfelle har det òg ført til avbrotne landingar og utfordringar for kritiske tenester som luftambulansen. Senterpartiet meiner det er nødvendig at Stortinget får ein grundig gjennomgang av planane Avinor har for utfasing av bakkebaserte navigasjonssystem. Det handlar om flysikkerheit, om beredskap og om å sikre at vi ikkje byggjer ned nødvendig redundans i ei tid med auka sårbarheit. Statsråden viser i sitt svarbrev til at gjeldande planverk er under revisjon, og at han har tillit til at Avinor og luftfartsmyndigheitene sjølve gjer dei nødvendige vurderingane. Han peikar òg på at moderne fly ikkje kan nyttiggjere seg av eLoran, og avviser i praksis vurderingar av alternative radiobaserte system. Senterpartiet meiner at dette ikkje er tilstrekkeleg. For det første er det Stortingets ansvar å sikre at beredskap og sikkerheit ikkje vert svekt gjennom teknologisk einsretting. Det er dokumentert at GNSS-forstyrringar allereie skapar operative utfordringar, og i ein slik situasjon er det etter Senterpartiets syn ikkje akseptabelt at Avinor reduserer redundansen i navigasjonssystema før konsekvensane er fullt greidde ut og lagde fram for Stortinget. For det andre er det slik at vurderingar av eLoran aleine ikkje avgjer om alternative system bør greiast ut. Senterpartiet ber om ei brei vurdering av moglege løysingar, ikkje ei avgjerd om innføring. Senterpartiet meiner at statsråden for tidleg avviser desse problemstillingane i sin heilskap. Eit trygt og føreseieleg flytilbod er avgjerande for heile landet, men særleg for distrikta, for GNSS-forstyrringar kan påverke både regularitet og flysikkerheit. Det er nødvendig at Stortinget får ein samla gjennomgang av både risiko, kostnader og praktiske konsekvensar ved nedlegging av bakkebaserte system. Det ber vi regjeringa om å gjere. Saka i dag er ikkje eit spørsmål om å velje ein teknologi, men om å sikre at Noreg har eit robust og motstandsdyktig navigasjonssystem når situasjonen krev det. Til slutt vil eg berre seie at det Helleland avslutta med, er heilt rett og tydeleg.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
