Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Saka om korleis myndigheitene skal handtera kvikksølv og torpedoar ved U-874 utanfor Fedje, er ei sak som har ei lang historie òg her på Stortinget. Eg har vore med på fleire av desse debattane sidan eg kom inn på Stortinget for første gong i 2009. Dette er ikkje ei lokal sak, men det er ei sak som gjeld Noreg som hav- og miljønasjon. Elleve ulike statsrådar har hatt denne saka på sitt bord. For Senterpartiet har dette vore ei viktig sak lokalt, med veldig stort engasjement. Prosessane i regi av Kystverket må eg dessverre seia etter kvart har fått manglande tillit hos lokalbefolkninga og andre, og no er det på tide å få denne saka på rett spor. Eg vil takka kollegaene på hordalandsbenken – særleg takk til Ove Trellevik frå Høgre, Helge André Njåstad frå Framstegspartiet og Linda Merkesdal frå Arbeidarpartiet. Det er ganske sjeldan at ein samla benk står bak eit felles representantforslag. Det viser at vi klarar å samarbeida som dei folkevalde vi er. Eg stod jo sjølv saman med fiskeri- og havministeren på kaien i Knarvik i 2024 og fortalde nyheita om at regjeringa den gongen hadde vedteke å gå vidare med undersøkingar med mål om å få opp mest mogleg av kvikksølvet før ei eventuell tildekking. Den avgjerda var basert på ekspertutvalet som tidlegare statsråd Knut Arild Hareide sette ned, som tilrådde ei slik vidare handtering. Dei tilrådde ikkje heving av ubåten. Så kom sjokkrapporten frå Forsvarsmateriell, FMA, som frårådde tildekking ut frå ei risikovurdering, og at gamle stridshovud ville kunna eksplodera om ubåten ikkje vart heva. Dette er bakgrunnen for representantforslaget. Vi vil ha forsikring om at dei undersøkingane som no vert gjennomførte, ikkje umogleggjer ei eventuell heving eller fjerning av ubåtvraket med last eller fjerning av torpedoar. Statsråden har i sitt svar forsikra om at dette vert ivareteke. For det andre vakte det stor bekymring, med dei nye opplysningane frå FMA, at Kystverket i sitt mandat ikkje kunne eller skulle greia ut heving av last og ubåtvraket. Statsråden skriv at endring i mandatet ville stansa Kystverket sitt arbeid, og at ein må starta alt på nytt. Eg var veldig forundra over det svaret som statsråden gav komiteen, for det som verkeleg ville ha utsett denne saka, var at vi ikkje greip inn no, for den rapporten som då ville ha kome, ville ikkje ha tillit, og det ville ha utsett arbeidet og framdrifta. Så vi er glad for at regjeringa i dialog med Stortinget har kome fram til eit kompromiss, der ein no bestiller ei tilleggsutgreiing om heving av ubåten med last, og/eller fjerning av torpedoar, og at det vert gjort når den andre rapporten er fremja. Vi skal følgja med vidare i denne saka.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
