Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. mar 2026

Ove Trellevik
Ove Trellevik
Høyre·Hordaland

SakMøte torsdag den 5. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Fyrst vil eg takka komiteen og Stortinget for einigheita som har kome fram i denne saka. Det set vi veldig stor pris på. Denne ubåtsaka ved Fedje har vore gjenstand for ei rekkje utgreiingar, men det største problemet i denne saka er den følgjefeilen som har følgt saka frå utgreiing til utgreiing, heilt sidan 2008. Heile tida har ein lagt til grunn feil type torpedo og feil type tennapparat. Då vert naturlegvis også konklusjonen feil. Risikovurderingane til Kystverket har til no basert seg på rapportar frå 2008. Også ekspertutvalets rapport frå 2022 baserer seg på det same underlaget. Mykje av dette arbeidet og konklusjonane herifrå er verdilause, nettopp fordi dei tek utgangspunkt i feil type torpedo og feil type tennapparat. No kan det ikkje lenger vera nokon tvil om kva type torpedo og tennapparat som er om bord i U-864. Det er veldokumentert frå Forsvarsmateriell, FMA, i deira rapport som kom i fjor haust, og i ettertid er det kome fram ytterlegare dokumentasjon som underbyggjer nettopp dette. Forsvarets forskingsinstitutt, FFI, legg no i mars fram ein rapport som skal vurdera risikoen ved tildekking av denne typen torpedoar. Eg vil i forbindelse med utarbeiding av det nye tilleggsmandatet på det sterkaste oppmoda statsråden til å ta med seg den erfaringa ein til no har hatt med samarbeidet med den meir eller mindre private arbeidsgruppa frå offshorenæringa, og at denne arbeidsgruppa vert utvida til også å inkludera forsvarssektoren, med kompetanse på nettopp torpedo og tennapparat. Kompetansen hos både FFI, Forsvaret og FMA bør nyttast samtidig. Mange av desse spesialistane som er involverte i dag, har ikkje tidlegare delteke i arbeidet med U-864, men det viser seg at dei har unik og viktig kompetanse. Regjeringa må ta med seg at det meste av kvikksølvet må hentast opp, og at torpedoane må fjernast – anten ved heving av delar av eller heile vraket, eller berre torpedoane. Moglegheitene er fleire, men felles er at alle alternativa må gjerast før det vert gjort tildekkingar av vraket og restane av kvikksølv. Det må gjennomførast sjølvstendige risikovurderingar for fjerning av torpedoar før tildekking. Alle risikoreduserande tiltak må nyttast. No må regjeringa ein gong for alle setja alle relevante krefter med rett erfaring og kompetanse saman, og sikra at mesteparten av kvikksølvet kjem opp, at torpedoane vert fjerna frå havbotnen, og at det som er igjen på havbotnen, vert tildekt med tanke på lågast mogleg risiko i eit æveperspektiv. Når russarane klarte å heva ubåten Kursk i 2001, for 25 år sidan, med atomreaktor og torpedo om bord, bør jaggu me klara det også.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat