Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. mar 2026

Ove Trellevik
Ove Trellevik
Høyre·Hordaland

SakMøte torsdag den 5. mars 2026 kl. 10

Innlegget

35:19] (ordførar for saka): Saka me i dag behandlar, gjeld Riksrevisjonens årlege rapport om revisjon av statens eigarstyring, som omfattar tolv eigardepartement og totalt 68 selskap. Det er i tillegg gjennomført fleire forvaltingsrevisjonar i enkeltselskap, som er behandla særskilt. Det er verdt å merka seg for regjeringa at det er ein samla komité som meiner at undersøkinga tydeleg beskriv godt at statens eigarrapportering inneheld for lite informasjon til at ein i tilstrekkeleg grad kan informera ålmenta om statens eigarutøving. Statens eigarrapport inneheld f.eks. ingen informasjon om eigardepartementas vurdering av selskapas oppfylling av dei av statens eigarforventingar som er vesentlege for enkelte selskaps måloppnåing. Komiteen meiner departementa samla sett med dette ikkje oppfyller målet for eigarskapsmeldinga om å stilla tydelege forventningar til dei statlege eigde selskapa. Ein samla komité sluttar seg difor til Riksrevisjonens vurdering av at dette ikkje er tilfredsstillande. Komiteen merkar seg òg at mange departement ikkje har tilpassa og oppdaterte retningsliner for eigarstyringa, som baserer seg på det enkelte selskaps eigenart, det som er vesentleg for dei og risiko. Mange retningsliner er gamle, og fleirtalet av departementa har ikkje oppdatert retningslinene i løpet av dei to siste stortingsperiodane. Dette er heller ikkje tilfredsstillande. Eg ser også at samferdselsministeren framleis er i salen, så eg har ei lita helsing til han òg: Stortinget vedtok i 2001 at kommersiell utnytting av overskotskapasitet i fiberinfrastrukturen som er knytt til jernbanen, skulle vore organisert som eit aksjeselskap. Samferdselsdepartementet meinte at statens overføring av eigarskapet til fiberinfrastrukturen frå Jernbaneverket til Bane NOR SF var tilfredsstillande. Riksrevisjonens vurdering er at Samferdselsdepartementet burde ha orientert Stortinget om dette. Ein samla komité deler denne vurderinga til Riksrevisjonen.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Ove Trellevik (Høyre) — Innlegg · 5. mar 2026 — OverStortinget