Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. mar 2026

Torbjørn Vereide
Torbjørn Vereide
Arbeiderpartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte torsdag den 5. mars 2026 kl. 10

Innlegget

45:49] (ordførar for saka): Som saksordførar ønskjer eg å begynne med å takke komiteen for eit godt og konstruktivt samarbeid i denne saka. Sjølv om det heilt objektivt er eit klart behov for meir fornybar kraft, er det berre å vere ærleg på at dette er eit tema som vekkjer mykje engasjement, og som har veldig mange sider ved seg. I forslaget i saka ligg det eit ønske om meir økonomisk bistand til behandling av søknader om kraftutbyggingsprosjekt. Det kan høyrast veldig flott ut, men sjølv om det kan vere gode intensjonar for framlegget, vurderer likevel Arbeidarpartiet – saman med eit fleirtal i komiteen – at det ikkje er behov for den føreslegne endringa. Det er eigentleg ganske positivt, for dagens regelverk har allereie ordningar som gjev klare prosessar og fleire moglegheiter til å få støtte for dei partane det vedkjem i energiutbyggingssakene. Den største kostnaden i konsesjonsprosessen er det som tek tid – meldingar, konsekvensutgreiingane, søknad, detaljplan. Dei tinga blir i dag dekte av tiltakshavarane, i både vindkraft- og andre energisaker. Det er viktig å merke seg. Fleire av dei gruppene som er nemnde i vassdragsreguleringslova § 13, har i dag rett til utgiftsdekking gjennom andre regelverk, f.eks. i oreigningslova eller i ekspropriasjonssaker der tiltakshavarane må dekkje motparten sine nødvendige kostnader til juridisk og sakkunnig bistand. Det som òg kan vere greitt å vite, og som kanskje ikkje er så godt kjent, er at kommunane kan ta gebyr for planbehandling etter plan- og bygningslova, slik at dei kan hente inn igjen dei pengane dei måtte trenge til å få sine eigne initiativ dekte på utgreiing ved planforslag for f.eks. vindkraft. Eg ønskjer berre å leggje til at reindriftsavtalen nettopp er styrkt for å betre kapasiteten i desse arealsakene. Det kan handle om driftstilskot, og det kan handle om rådgjevingstenester. I sum er politikken som ligg til grunn no, til stades for å lette arbeidsbyrda og for å sørgje for at ein får gode og grundige – og for den saks skuld òg demokratiske og involverande – prosessar utan at det blir økonomisk belastande. Det at det systemet er på plass i dag allereie, meiner Arbeidarpartiet er viktig, fordi vi treng meir kraft i tida som kjem. Då må systema fungere.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat