Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. mar 2026

Torbjørn Vereide
Torbjørn Vereide
Arbeiderpartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte torsdag den 5. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Noreg treng meir fornybar kraft. La det vere klart, og la det vere klart at Arbeidarpartiet har ein klar ambisjon om at det skal vi sørgje for at blir gjennomført. Då gjeld det både storkraft og småkraft. Noko av det som har vore peika på her, og som eg òg syntest statsråden gjorde god greie for, er at skattereglane av i dag ikkje alltid gjev best mogleg utnytting av ressursane. Litt av det dilemmaet som vi no står i her, er at vi over eit veldig kort tidsrom har sett at det er mange anlegg som har vorte skalerte ned. Det finst mange sider ved dette, men la oss òg vere ærlege om at det òg er tapt kraft som ein kunne hatt stor bruk for. Litt av denne svakheita har òg vorte peika på av kraftskatteutvalet og skatteutvalet, som har vore grunnlaget for at det høyringsforslaget som er lagt til grunn her, er kome. Det er òg heilt greitt og heilt forståeleg at det er folk som har andre meiningar, og at det er folk som gjerne skulle ønskje at dei ikkje måtte dele meir med fellesskapet. Eg har respekt for det. Regjeringa – og det gjentek jo òg statsråden her – har respekt for at fleirtalet held fast ved grensa av i dag. Det kjem òg ganske tydeleg fram at dette er noko som vi legg til side. Likevel har det vore eit veldig sterkt ønske for Arbeidarpartiet å gjennomføre den ordinære høyringa. Det handlar om å få meir kunnskap, uansett om nokon er ueinige eller einige. Den kunnskapen, dei faktaa og den tilbakemeldinga er etter vårt skjøn ei styrke å få på bordet. I den tida vi er i no, med sikkerheitspolitiske utfordringar og behov for omstilling, er det ingen tvil om at vi treng meir kraft, og vi er utolmodige etter at det må gå fortare. Noreg har ikkje råd til at prosessane skal gå for treigt. Likevel ønskjer eg å poengtere at om forslag nr. 2, frå Framstegspartiet, Høgre, Senterpartiet og Venstre, blir vedteke og det endar med å dytte større kraftprosjekt bakover i køen og treigare behandlingstid fordi ein prioriterer annleis, då kan det òg ha uheldige konsekvensar. I dag er det ei ganske klok og fornuftig prioritering. Vi har gjort at det er enklare å kome seg fram, med digitalisering og meir effektive system. Vi set pris på takhøgda i denne debatten og alt engasjementet, men for oss er det aller viktigaste meir kraft raskare.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat