Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. mar 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte torsdag den 12. mars 2026 kl. 10

Innlegget

47:21] (leiar for komiteen): Alkohol er ei lovleg vare, men ikkje ei vanleg vare. I Noreg er innføring og omsetning av alkohol relativt strengt regulert, og det har vore ein viktig grunn til at alkoholbruken i Noreg har vore lågare enn i andre land. Framleis er målsetjinga for alkohollovgivinga vår å avgrensa forbruket av alkoholhaldige drikkevarer, og i størst mogleg utstrekning avgrensa dei samfunnsmessige og individuelle skadane som alkoholbruk kan føra til. I forslaget vert det føreslått å utvida dei nasjonale reglane for kva tid på døgnet det kan seljast alkohol når Noreg deltar i internasjonale idrettsarrangement på øvste nivå, og desse vert avvikla med betydeleg tidsforskjell i forhold til norsk tid. Det vert føreslått at skjenketida da kan utvidast til mellom kl. 3 og 6, om kommunane ønskjer det. Senterpartiet vil ikkje støtta det forslaget. Vi ser at forslaget vil bety ei permanent og uheldig liberalisering av alkohollova. Skjenking gjennom heile natta vil kunna ha negative konsekvensar for folkehelsa og for den einskilde. Vi merkar oss at statsministeren i Noreg har varsla at regjeringa vil koma til Stortinget med forslag til eit mellombels unntak for skjenkereglane når det gjeld maksimaltid for skjenking under fotball-VM for herrar i 2026, og vi skal ta stilling til det forslaget når det eventuelt vert fremja. Alkohol er som sagt ei lovleg vare, men ikkje ei vanleg vare. Alkohol er det største rusproblemet vi har i Noreg. Det er 300 000 nordmenn som lever med alkoholrelaterte utfordringar. Alkoholbruk er den viktigaste risikofaktoren for dødsfall blant menn i aldersgruppa 29–49 år. I 2024 kjøpte kvar og ein av oss i gjennomsnitt alkohol tilsvarande 63 vinflasker – det er over ei vinflaske i veka. Helsekonsekvensane av alkoholbruk er store. Alkohol aukar risikoen for over 200 sjukdomar, blant dei fleire krefttypar, hjarteproblem, demens, angst og depresjon. Difor skal vi vera restriktive med å opna for ei liberalisering av lovverket som kan føra til at alkoholbruken i Noreg vil auka. Eg òg er jo veldig glad for at Noreg har kome til VM, og det skal vi feira, men det må vera lov å seia at det er fullt mogleg å vera stolt og engasjert fotballsupporter utan at ein må drikka alkohol.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Kjersti Toppe (Senterpartiet) — Innlegg · 12. mar 2026 — OverStortinget