Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
29:25] (leiar for komiteen): Mange takk til forslagsstillarane for at dette forslaget har vorte fremja. Takk òg til komiteen for ei einstemmig innstilling. Det er veldig bra. ALS-pasientane må sikrast betre tilgang til ordningar med godkjenningsfritak for legemiddel i tidleg fase. Manglande dokumentasjon skal ikkje aleine kunna hindra ei vurdering under ordninga, og både fastlegar og spesialistar må kunna søkja om godkjenningsfritak. Dagens ordning for godkjenningsfritak for legemiddel er viktig, men det synest som ho vert praktisert for restriktivt, og det synest òg som det er behov for å endra regelverket for å få til ei reell ordning for godkjenningsfritak på individuelt grunnlag for pasientar med dødeleg og alvorleg sjukdom. Det er uforståeleg for mange, slik det òg er presisert i høyringsinnspel frå Stiftelsen ALS Norge og Norsk logopedforbund, at pasientar som ikkje kan delta i kliniske studiar, får avslag på søknad om godkjenningsfritak etter legemiddelforskrifta. No er tre søknader avviste, og klagene er ikkje tatt til følgje, med grunngiving i manglande dokumentasjon om risiko og manglande kunnskapsgrunnlag for legemiddel i tidleg fase innanfor ei fagleg forsvarlegheitsvurdering. No presiserer komiteen at det innanfor dagens regelverk skal sørgjast for å gi pasientar med ALS og andre alvorlege og dødelege sjukdomar ei reell moglegheit til å nytta ordninga med godkjenningsfritak for legemiddel i tidleg fase, etter individuell vurdering, og at manglande dokumentasjon i tidleg fase av godkjenningsprosessen i seg sjølv ikkje skal vera til hinder for å bli vurdert. Dersom dette krev lovendring, må regjeringa følgja det opp, og vurdering må gjerast ut frå den individuelle situasjonen til pasientane. I desse prosessane er det veldig viktig, tenkjer eg, at ein legg større vekt på dei faglege vurderingane til behandlande lege, og situasjonen til pasienten. Berre slik kan ein oppretthalda tilliten til denne ordninga. Komiteen viser òg til den hurtigarbeidande ekspertgruppa som skal sjå på regelverket og eventuelt føreslå endringar i forvaltningspraksisen. Eg forventar at Stortingets vedtak vert følgt opp på beste måte for dei pasientane det gjeld, og at dette har høg prioritet i departementet.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
