Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det var Høgre som fekk meg til å ta ordet. Dei sa i stad at denne saka handlar om ein bustadsosial strategi. Når me høyrer innlegga til Høgre i denne salen, skulle ein tru det handlar meir om politikken til Framstegspartiet, for dei har brukt mesteparten av taletida si på å omtala politikken til Framstegspartiet. Det er noko me sjølvsagt set veldig stor pris på. Me er opptekne av bustadsosialt arbeid, me er opptekne av bustadpolitikk, me er opptekne av at folk skal ha eit tak over hovudet, og me er opptekne av at alle dei barnefamiliane som i dag ikkje har tak over hovudet, skal få det. Hadde me trudd at å be regjeringa lage ein bustadsosial strategi hadde gjort at desse hadde fått tak over hovudet, hadde me røysta for, men me trur at oppskrifta for å gje dei tak over hovudet er handlekraft, å få opp bustadbygginga, å bruke dei verktøya som finst, og setja kommunane i stand til å bruka verktøya til Husbanken. Eg trur ingen vil få seg ein bustad av ein bustadsosial strategi som regjeringa ikkje ønskjer å laga sjølv. Det vil berre vere ei kvilepute, der ein ventar på noko som vil koma. Me treng handlekraft no, og me treng ein meir offensiv politikk for å få meir bustadbygging. Ikkje minst treng me å sørgja for at folk har råd til å bu i bustadene sine. Me skal seinare i dag ha ei sak om eit avløpsdirektiv som vil påføra norske hushald fleire titusen kroner meir i buutgifter. Me har ei regjering som er glad i eigedomsskatt, som er glad i formuesskatt på bustad, som har ingen problem med å innføra avgifter, og som i tillegg lèt hushalda ha andre dyre utgifter. Dei har ein matmoms dei ikkje vil setja ned, bensinavgiftene vil dei ikkje setja ned, og dette gjer at det er dyrt for folk å bu. Det er noko som me er opptekne av, og som Framstegspartiet ønskjer å gjera noko med, slik at det skal vera billegare for folk å bu i bustadene sine, for me ser på det som ein bustad og ikkje som eit skatteobjekt, som Arbeidarpartiet gjer. Me må byggja fleire bustader, det seier seg sjølv. Me kan ikkje ha eit system der me har så mange reguleringar, krav, forventningar, motsegner og innvendingar frå statsforvaltarar og fylkeskommunar, noko som gjer at kommunane føler seg heilt matte når dei ønskjer å byggja fleire bustader. Det er jo slik det har vorte, at norske kommunar føler at staten seier nei til alle initiativ som kommunane tek. Der er hovudkjernen av problemet, at kommunane ikkje får lov til å regulera nok bustader og byggja nok bustader. På den måten har me ikkje nok bustader til å dekkja det behovet som er i landet vårt. Difor vil Framstegspartiet ha handlekraft. Me vil ha konkrete tiltak for å få ned planleggingstida og for å få ned byggjekostnadene, og me trur ikkje at ein bustadsosial strategi vil løysa nokon av dei problema. Difor røyster me imot i dag. Eg trur Høgre heller skal fokusera på å røysta for forslaga til Framstegspartiet for å forenkla bustadbygginga, meir enn å gjera narr av at me ikkje vil laga ein strategi. Bustadproblemet i Noreg er eit større problem enn at ein treng ein strategi, ein treng handlekraft.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
