Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
29:45] (ordførar for saka): Denne saka kan framstå veldig teknisk når ein les overskrifta og innhaldet, men ho handlar enkelt fortald om krav til reinsing av avløpsvatn som blir sendt ut frå norske hushald. Det er krav som er laga i Brussel og laga for andre forhold, f.eks. for elvane i Europa og for Middelhavet, og eg trur ikkje dei har tenkt mykje på Nordsjøen og norske kystsamfunn når dei har sete i Brussel og produsert dette EU-direktivet for avløp. For å vera heilt konkret trur eg me kan slå fast at dei neppe har hatt Nordsjøen og norske kystsamfunn i tankane når dei har laga dette regelverket. Difor har ein i Brussel funne ut at ein skal stilla krav om sekundærreinsing, noko som betyr at ein reinsar veldig mykje meir enn det som har vore tradisjonen spesielt ved kysten i Noreg i dag. Det er ei form for reinsing som er veldig dyr, og som veldig mange meiner er unødvendig, fordi ein reinsar langt meir enn det er behov for når sjøen likevel blir skifta ut fort og sørgjer for å vera ein god resipient, som det heiter på fagspråket. Me i Framstegspartiet kallar krav som dette for sløsing. Når ein bruker milliardar på noko som verken har miljø- eller klimaeffekt, er det sløsing med pengane til skattebetalarane, noko me synest er uklokt å gjera. Det denne saka eigentleg handlar om, er om me skal sørgja for at EU skal bli sure på oss, eller om me skal sørgja for at norske hushald skal bli sure på oss. Der skil partia lag og har litt ulik haldning. Nokre parti i denne salen er veldig opptekne av at EU ikkje skal bli sure, men gjer omtrent kva som helst for at EU skal vera fornøgde, mens andre parti – som Framstegspartiet – er veldig opptekne av at norske hushald ikkje skal få ein ekstrakostnad i fanget, og det i ei tid då det er dyrt å vera norsk hushald. Dei må i aukande grad betala for høge matvareprisar, for høge drivstoffprisar, for eigedomsskatt – spesielt i raud-grøne kommunar – og for formuesskatt, etter at finansminister Jens Stoltenberg har auka formuesgrunnlaget og gjort at det nærmast har vorte ein statleg bustadskatt i tillegg. Då vil det vera feil at me stiller krav om reinsing av avløpsvatnet, noko som vil påføra norske hushald ein kostnad på kanskje 10 000–20 000 kr per husstand per år til noko som ikkje er nødvendig, berre fordi det er kome frå Brussel. Framstegspartiet seier nei til å la Brussel bestemma politikken i Noreg. Me synest det er uklokt. Difor vil me heller stå opp for norske hushald og norske interesser ved å senda eit klart og tydeleg signal til EU om at dette avløpsdirektivet ikkje gagnar norske interesser. Med det tek eg opp forslaga Framstegspartiet er med på, og eg reknar med at dei andre partia òg vil gjera greie for sitt syn.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
