Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 13. mar 2026

Solveig Vestenfor
Solveig Vestenfor
Arbeiderpartiet·Buskerud

SakMøte fredag den 13. mars 2026 kl. 9

Innlegget

Det er eit djupt alvor over saker som dette, og me er mange som deler bekymringa for auken i talet på bustadlause, ikkje minst når ungar er involverte. Det at ungar og ungdom over lengre tid ikkje har ein fast plass dei kan kalla heime, er djupt alvorleg og veldig krevjande. Arbeidarpartiet meiner likevel ikkje at nye strategiar eller handlingsplanar er det som trengst for å løysa utfordringane som forslagsstillarane viser til. «Bustadmeldinga – Ein heilskapleg og aktiv bustadpolitikk for heile landet», som vart lagd fram, behandla og vedteken i Stortinget i 2024, har gode tiltak som det vert jobba med. Det må vera meir effektivt og mykje betre for alle som er fortvila over bustadsituasjonen, at regjeringa heller følgjer opp denne meldinga, enn å bruka tid og ressursar på å utarbeida nye planar og strategiar. For det finst tydelege nasjonale føringar for den bustadsosiale politikken i denne meldinga. Målet er bl.a. at ingen skal vera bustadlause, og at bruken av mellombelse butilbod skal ned, akkurat slik forslagsstillarane vil. Og kanskje viktigast: Ein har kunnskap om kva slags tiltak som fungerer. Difor bør regjeringa få tid til å følgja opp tiltaka, og sjølvsagt undervegs vurdera om det er behov for nye tiltak som kan gje raskare resultat. Regjeringa har styrkt låneramma til Husbanken og til startlån. Målet må vera at det skal verta bygd fleire bustader som folk har råd til å bu i. Bustøtta er styrkt, og det er sett i gang fleire tiltak for å letta på trykket i leigemarknaden. 2025 vart eit rekordår for bygging av nye studentbustader. Det vart sett i gang bygging av over 3 000. Det frigjer andre husvære og er difor positivt for alle som treng bustad. For å lukkast treng me eit sterkt lag av gode krefter. Kommunane har ei nøkkelrolle og eit stort ansvar, som m.a. er presisert i ny bustadsosial lov. Kobo – Husbanken sitt digitale fagsystem for bustadsosialt arbeid – gjev kommunane støtte så dei kan følgja opp lova. Ei ny husleigelov er òg meldt. Tid må forvaltast med klokskap. Det er ingen tvil om at forslagsstillarane har dei beste intensjonane her, men fleire planar gjev ingen nye tiltak eller auka tilgang på bustader.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat